Hopp til innhald

Fagstoff

Nøkkeltal

Når årsrekneskapen er ferdig, kjem det som kanskje er mest spennande. Vi skal samanlikne lønsemda i bedrifta med tidlegare år, eller ei anna bedrift. Vi nyttar då utrekningar som vi kallar nøkkeltal.
Blyant lagar ein raud sirkel rundt eit tall i eit rekneskapsark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nøkkeltal

Vi nyttar nøkkeltala til å vurdere den økonomiske stoda i ei bedrift. Når vi reknar ut og samanliknar nøkkeltala for fleire år, eller samanliknar nøkkeltal frå fleire bedrifter, kan vi vurdere lønsemda i bedriftene.

Vi har valt ut nokon av dei mest nytta nøkkeltala frå tre område: rentabilitet, likviditet og finansiering.

Rentabilitet

Nøkkeltal for rentabilitet kallast òg for nøkkeltal for lønsemd. Dette er fordi renta på investert kapital seier noko om eigarane tener på investeringa si i bedrifta. Overskot gir positiv rentabilitet, mens underskot gir negativ rentabilitet. Rentabilitet blir berekna slik:

Rentabilitet =ResultatInvestert kapital×100

Vi kan berekne rentabilitet av egenkapitatalen, og eventuelt av totaltkapitalen. Vi nyttar formelen over og set inn høvesvis totalkapital eller eigenkapital som investert kapital.

Rentabilitet av totalkapitalen

Rentabilitet av totalkapitalen=ResultatTotalkapital

Når vi bereknar totalkapitalrentabiliteten, nyttar vi tal for den gjennomsnittlege totalkapitalen. For å finne gjennomsnittleg totalkapital summerer vi totalkapitalen per 1.1. og 31.12. og deler på to. Totalkapitalen består av både eigenkapital og gjeld. Vi samanliknar totalkapitalen med resultatet. Vi nyttar her resultatet før skatt pluss rentekostnader.

Rentabilitet av totalkapitalen=(Resultat før skatt + rentekostnader) × 100Gjennomsnittleg totalkapital

Rentabilitet av eigenkapitalen


Rentabilitet av eigenkapitalen =Resultat × 100Gjennomsnittleg eigenkapital

For å finne gjennomsnittleg eigenkapital summerer vi eigenkapitalen 1.1. og 31.12. og deler på to.

Vi kan berekne rentabilitet av eigenkapital både før og etter skatt. Det vil seie at vi set inn resultat anten før skatt eller årsresultat i formelen.

Rentabilitet av eigenkapital før skatt=Resultat før skatt×100Gjennomsnittleg eigenkapital

Rentabilitet av eigenkapital etter skatt=Årsresultat×100Gjennomsnittleg eigenkapital

Bruttoforteneste (dekningsgrad)

Bruttoforteneste, også kalla dekningsgrad, er òg eit nøkkeltal. Dette nøkkeltalet finn vi både i budsjett- og rekneskapsoppstillinga. Vi reknar ut beløpet ved å trekkje varekostnaden frå salsinntekta. Beløpet blir rekna i prosent av salsinntekt. Beløpet og prosenten fortel oss kor mykje av salsinntekta som er igjen til å dekkje faste kostnader, etter at varekostnaden er betalt.

Bruttoforteneste (dekningsgrad)=salsinntekt-varekostnadsalsinntekt×100

Resultatgrad

Resultatgrada er kor stort årsresultatet er i forhold til salsinntekta, i prosent.

Resultatgrad =ÅrsresultatSalsinntekt×100

Likviditet

Likviditet fortel oss om bedrifta kan betale rekningar til rett tid. Vi bereknar to ulike likviditetsgrader, likviditetsgrad 1 og 2, som forholdstal. Eit forholdstal er ei samanlikning av to tal, utan å gjere det om til prosent. Vi samanliknar omløpsmidlar med kortsiktig gjeld.

Likviditetsgrad 1 =OmløpsmidlarKortsiktig gjeld

Likviditetsgrad 1 bør helst vere minst 2. Det betyr at omløpsmidlane skal vere dobbelt så store som den kortsiktige gjelda.

Likviditetsgrad 2 =Omløpsmidlar -varelagerKortsiktig gjeld

Når vi reknar ut likviditetsgrad 2, ser vi på dei mest likvide omløpsmidlane. Det vil seie dei som enklast kan gjerast om til pengar, og nyttast til å betale rekningar. Derfor trekkjer vi ut varelager, sidan det tek litt tid å gjere det om til pengar.

Forholdstalet bør vere minst 1. Det vil seie at dei mest likvide omløpsmidlane bør vere minst like store som den kortsiktige gjelda.

Arbeidskapital

Arbeidskapital er eit utrykk for kor stor økonomisk handlefridom bedrifta har. Arbeidskapital blir oppgitt som eit beløp, men det er ikkje nødvendigvis pengar som finst på ein bankkonto. Det er differansen mellom omløpsmidlar og kortsiktig gjeld.

Arbeidskapital = omløpsmidlar-kortsiktig gjeld

Finansiering

Eigenkapitalprosent kallar vi òg for soliditet, sidan nøkkeltalet viser kor solid bedrifta er. Vi samanliknar storleiken på eigenkapitalen med totalkapitalen.

Egenkapitalprosenten (EK %) =Eigenkapital×100Totalkapital

Eit døme på utrekning av nøkkeltal

Vi skal no rekne ut nøkkeltala for årets rekneskap i ei bedrift, og samanlikne med fjorårets nøkkeltal.

Vi har kalla fjoråret for 20X0 og dette året for 20X1.

Resultatrekneskap (tal i heile tusen)

Budsjettpostar

20X1

20X0

Salsinntekter

1 301 000

948 000

Varekostnader

785 000

640 000

Lønnskostnader

230 000

190 000

Avskrivingar

35 000

11 000

Andre driftskostnader

200 000

110 000

Driftsresultat

51 000

–3 000

Renteinntekter

1 600

500

Rentekostnader

3 900

0

Resultat før skatt

48 700

–2 500

Skattekostnad

13 636

0

Årsresultat

35 064

–2 500


Balanse per 31.12. (i heIle tusen)

Budsjettpostar

20X1

20X0

Eigedelar

Anleggsmiddel

19 500

45 000
Sum anleggsmiddel

19 500

45 000

Varebehaldning

41 000

37 000

Kundefordringar

63 400

102 400

Bankinnskot

88 500

13 700

Sum omløpsmiddel

192 900

153 100

Sum eigedelar

212 400

198 100

Eigenkapital/gjeld

Aksjekapital

100 000

100 000
Annan eigenkapital

–19 636

–54 700

Sum eigenkapital

80 364

45 300

Langsiktig gjeld

3 636

0

Sum langsiktig gjeld

3 636

0

Kassekreditt

1 700

0

Leverandørar

53 600

100 800

Annan kortsiktig gjeld

73 100

52 000

Sum kortsiktig gjeld

128 400

152 800

Sum eigenkapital/gjeld

212 400

198 100


Nøkkeltal per 31.12.X1 og 31.12.X0

Kalkulasjon

31.12.X1

31.12.X0

Rentabilitet

Bruttoforteneste, dekningsgrad

39,7 %

32,5 %

Resultatgrad

2,7 %

0,3 %

Eigenkapitalrentabilitet etter skatt

43,6 %

5,5 %

Totalkapitalrentabilitet

24,8 %

1,3 %

Likviditet

Likviditetsgrad 1

1,5

1,0

Likviditetsgrad 2

1,2

0,8

Arbeidskapital

64 500

300

Finansiering

Eigenkapitalprosent (soliditet)

38 %

23 %

Tenk over

Kva synest du om bedrifta sine resultat når du samanliknar nøkkeltala?

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Lønsemd