Hopp til innhald

Fagstoff

Art nouveau

Art nouveau, også kalla jugendstil, er ein dekorativ kunst som brukte naturen som inspirasjon. Lange mjuke linjer blei brukte i interiør og arkitektur. Stilretninga varte frå om lag 1890 til 1914. Perioden introduserte nye tankar om korleis varer kunne produserast i eit moderne samfunn.
Stiliserte kvinner og blomar i raudt, oransje og blått. Plakat.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Art and Crafts-rørsla

Gjennom den industrielle revolusjonen var det blitt mogleg å masseprodusere det meste av det som tidlegare berre hadde vore handverksproduksjon. Engelskmannen William Morris hadde alt i 1870-åra teke opp kampen for å gjenreise det gode handverket. Rørsla fekk namnet arts and crafts, eller på norsk: "kunsthandverksrørsla". Ho framheva verdien av det gode handverket, i kontrast til dei masseproduserte varene som fanst på marknaden. Målet var å inspirere folk flest til å utvikle ein betre smak.

Art nouveau og jugendstil

William Morris designa og produserte både møblar, tekstilar og tapet, og han insisterte på at design var ein kunstart. Arbeida hans blei førebilete for ein heilt ny stil, art nouveau, som på norsk betyr "den nye kunsten". Stilen fekk namnet etter ei forretning for dekorativ kunst i Paris. I Tyskland blei stilen kalla jugend, som betyr "ungdom", og i England blir stilretninga kalla decorative style.

Stilen er lett å kjenne att med sine lange, mjuke linjer, som kan minne om tynne, bøyelege plantestenglar. Formgivarane bak stilen var då også inspirerte av naturen. Dei mjuke formene går igjen både i arkitektur og interiør.

To bygardar i grått, kvitt og beige i jugendstil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit jugendhus har ingen rette kantar eller hjørne, verken utvendig eller innvendig. I Noreg har vi i Ålesund eit svært spesielt jugendmiljø. Årsaka er at store delar av sentrum i byen brann ned i 1904. Arkitektane som skulle forme bybildet etter brannen var inspirerte av tidas moderne byggjestil. Derfor har byen ein unik plass i norsk arkitekturhistorie.

I Oslo har vi eit godt døme på arkitekturen i jugendstil med Historisk museum, som stod ferdig i 1902, teikna av Henrik Bull. I Noreg gjekk jugendstilen gradvis over i drakestilen, som du kan lese meir om i NDLA sin artikkel om historismen.

Norsk art nouveau og drakestil

Widar Hallén viser oss ein del av eit spisestovemøblement i mørkbeisa furu og mahogni, teikna av Henrik Bull, utført av G.N. og A. Huseby & Co med utskjeringar av Lars Kinsarvik i Kristiania 1897. Den norske drakestilen er eit sjølvstendig bidrag til den internasjonale art nouveau-stilen.

Arkitekturen til Antoni Gaudí

Reiser du til Barcelona, vil du kunne oppleve ein svært spesiell art nouveau-arkitektur skapt av Antoni Gaudí. I Spania blir denne stilarten kalla modernismo catalan.

Sagrada Família og detalj av skorsteinen til La Pedrera. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleire av Gaudí sine bygningar i Barcelona er oppførde på UNESCO si verdsarvliste. Det mest spesielle byggverket er utvilsamt katedralen Sagrada Família (Den heilage familien). Kyrkja blei påbyrja i 1882, men er framleis under arbeid i 2019. Ho er planlagt fullført i 2025.

Bygningane til Gaudí er prega av tankane hans om naturlege former. Felt med mosaikk utgjer ofte ein integrert del av bygget. På taka er luftekanalar og skorsteinar gjerne kledde i plante- og blomeliknande former. Søylene som ber taka i Sagrada Família, er forma som stilkar og strå.

Meir enn ei stilretning

Blomstervasen Tiffany frå rundt 1900, ser ut som en blome. Foto.

Mange vil hevde at Art nouveau representerte noko meir enn ei stilretning. Det var ein ny tenkjemåte knytt til korleis varer kunne produserast i eit moderne samfunn. Det var eit forsøk på å definere på nytt kva kunst var. Ikkje ein gjenstand, same kor uviktig og daglegdags han kunne følast, var for liten til å bli vurdert som eit kunstverk.

Kunstnaren skulle arbeide med alt, frå å teikne hus til å forme nye møblar. Gjennom å skape venleik og harmoni på denne måten, var kunstnarane si oppgåve å gi menneska eit betre liv. Denne tankemåten ser vi igjen i målarkunsten, i glashandverket, i gullsmedhandverket, i metallarbeid, når det galdt utforming av tekstilar, og ikkje minst innanfor grafisk design. Reklameplakatar blei ønskte velkomne som aktuelle kunstuttrykk.

Plakatkunst

Mann med stav. Plakat i Litografi.

Fleire biletkunstnarar blei opptekne av at plakatane kunne nå ut til mange menneske. Samtidig ønskte dei å arbeide meir tverrfagleg med kunsten sin.

Den mest kjende plakatkunstnaren frå denne perioden heiter Henri de Toulouse-Lautrec. Plakatane hans innleier ein gullalder for plakatkunsten med sin forenkla og bølgjande stil.

Plakatkunsten var også inspirert av japanske fargetrykk. Desse trykka brukte ikkje skuggelegging, men reine fargeflater saman med konturlinjer. Dette inspirerte europearane til å utforme eit nytt uttrykk.

Også i Noreg har vi frå 1900 og framover teke vare på reklameplakatar for bøker, tidsskrifter, aviser, vaskemiddel, tobakk, øl og andre drikker. I tillegg finst det mange utstillingsplakatar frå denne perioden.

Viktige symbol i art nouveau

Sensuelle kvinnefigurar og svungne blomelinjer er typiske for art nouveau. Kvinnene symboliserte glamour, modernitet og ynde og vart sett på som frigjorde og mystiske. I tillegg var det vanleg med følgjande bruk av symbolikk:

  • Påfuglfjær vart sette på som eit symbol på forfengelegheit.
  • Svana representerte det reine, det feminine og harmoni.
  • Sommarfuglen symboliserte skjønnheit.
  • Valmuen symboliserte mystikk.
  • Treet var eit uttrykk for mennesket sitt forhold til naturen, og samstundes eit fruktbarheitssymbol.
  • Vatnet symboliserte framhald og det uendelege.

Interiør i jugendstil

Blometapet i duse fargar med svart bakgrunn. Foto.

Tapet var eit viktig uttrykksmiddel for ornamentikken i jugendstilen. Dei ønskte å skape eit nytt og meir naturleg uttrykk enn dei meir heildekkjande og fortetta mønstra som til då hadde vore vanlege.

Omgrepet tapet var opphavleg ei fellesnemning på ulike tekstilar som blei brukte til å kle veggar. Først eit godt stykke inn på 1800-talet blei det vanleg å bruke tapet berre om papirtapet.

Tapet med ulike former for blomeornamentikk i art nouveau-stil blei mote på slutten av 1800-talet. William Morris sine kompliserte blometapet med duse fargar var til stor inspirasjon, og har sidan vorte klassikarar.

Møbelproduksjon

Møblane blir no lettare, med utskjeringar i blome- og plantemotiv, og blir konstruerte slik at alle delane i møblane skal vere ledd i ei samanhangande linje. Det betydde at bein, armlene, sarg (forsterkande ramme mellom beina) og så vidare ikkje lenger var definerte kvar for seg. Dei norske jugendmøblane blei anten fabrikkproduserte eller laga hos ei av dei mange handverksbedriftene rundt om i landet. Arkitekt Henrik Bull designa fleire møblar i den nye stilen, blant anna til Historisk museum. Han var særleg inspirert av franske og engelske førebilete.

Stol i jugendstil trekt i skinn, der armlena går over i ryggen i ein boge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klede og mote

Klesmoten for kvinner blei revolusjonert under art nouveau med nye og sterke fargar og ledigare snitt. Frankrike var det leiande moteskapande landet, med Paris som motehovudstaden.

Sju modellar i lange kjolar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje alle var like begeistra for dei skiftande motane frå Paris. Jugendkunstnarane var opptekne av at kvinnekleda burde vere meir i tråd med den nye stilretninga i tida, og at dei burde ha tidlause kvalitetar som gjorde det unødvendig å byte dei ut med nye klede kvar sesong.

Idealet i perioden var den modne kvinna med fyldige bryst, runde hofter og rund bak. Kvinna skulle vere svai i ryggen, smal rundt livet og flat over magen. For å få til dette, brukte dei eit snørekorsett som blei kalla vepsetalje. Nokre gjekk så langt at dei opererte bort dei nedste ribbeina for å bli smale nok om livet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 04.07.2019

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer