Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske dilemma i verdikjeda

Korleis kan vi finne balansen mellom omsynet til innteninga og omsynet til berekraftsmåla og til kundane sine rettar, ønske og behov?
Mann som held ei gammaldags vekt med eit menneske i den eine vektskåla og eit dollarteikn i den andre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etiske valsituasjonar og dilemma

Sals- og reiselivsmedarbeidarar kjem ofte i situasjonar som krev evne til etisk vurdering. I slike situasjonar er det viktig å finne balansen mellom omsynet til innteninga og omsynet til dei rettane, ønska og behova kundane har. Nokre gonger er det vanskeleg å balansere dei ulike omsyna, og då kan vi få eit etisk dilemma. Slike situasjonar er prega av tvil og uvisse.

Kva val tek vi?

I fattige land kan ein få kjøpt varer og tenester til svært låge prisar. Det gjer det mogleg å selje desse varene og tenestene vidare med veldig god forteneste.

Det kan oppstå eit etisk dilemma dersom det bedrifta er mest økonomisk tent med, ikkje stemmer med juss, verdiar, etikk eller omdøme.


Dilemma kan oppstå når svaret på eitt eller fleire av spørsmåla i figuren ovanfor er nei.

Tenk over

Både økonomiske og ikkje-økonomiske omsyn kan liggje til grunn for valet av samarbeidspartnarar og underleverandørar. Bør bedriftsøkonomiske omsyn prioriterast framfor moral og omdøme?

Etikk krev øving

For å finne ut om ei avgjerd er etisk forsvarleg, kan vi stille oss sjølve nokre kontrollspørsmål:

  • Er det lovleg?

  • Er det i samsvar med verdiane våre?
  • Er det rett?
  • Beheld vi truverdet vårt?
  • Løner det seg?
  • Er det mogleg å grunngi det?
CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 21.01.2019

Læringsressursar

Berekraft i verdikjeda