Fagstoff

Regulering av hormonproduksjonen

Publisert: 27.02.2013, Oppdatert: 03.08.2017
Frykt

Hormonproduksjonen vår blir regulert slik at det alltid er ei passe mengd av dei ulike hormona i blodet vårt. I ein stressande situasjon har vi for eksempel behov for store mengder med adrenalin og noradrenalin slik at energibehovet til cellene blir halde ved like, og etter eit måltid stig blodsukkerkonsentrasjonen, og bukspyttkjertelen blir stimulert til å skilje ut meir insulin. Men kva styrer hormonproduksjonen i kjertlane?

Et hode med påtegnet skjoldbruskkjertel og hypofyse.Når tyroksinkonsentrasjonen i blodet aukar, vil hypofysen skilje ut mindre TSH (tyreoideastimulerande hormon) slik at tyroksinproduksjonen blir mindre. 

Slisse av mann og kvinne med piler som viser hvor de ulike hormonene skilles ut og virker.Kjønnshormon – tilbakekopling.

"Nok, stopp utskiljinga" – negativ tilbakekopling (hemjande)

"Ja, køyr på med meir" – positiv tilbakekopling (forsterkande)

Barn som ammes av sin mor.Nervesystemet medverkar òg i reguleringa av hormonproduksjonen. Når eit barn syg på brystvorta, blir eit nervesignal sendt til hypotalamus, som så sørgjer for at hypofysen skil ut prolaktin. Prolaktin stimulerer til mjølkeproduksjon i brystene. Hyppigare amming gir auka mjølkeproduksjon.

Tilbakekopling regulerer hormonproduksjonen

Reguleringa av hormonproduksjonen i kjertlane i kroppen skjer i hovudsak ved tilbakekopling. Det vil seie at konsentrasjonen av eit hormon i blodet verkar inn på mengda hormon som kjertelen produserer. Påverknaden kan anten vere negativ eller positiv. Hormonkonsentrasjonen blir stort sett styrt ved negativ tilbakekopling.

 

Negativ tilbakekopling

Stoppskilt Negativ tilbakekopling inneber at auka konsentrasjon av eit hormon i blodet vil redusere hormonproduksjonen i kjertelen. Eit eksempel på dette er reguleringa av tyroksinproduksjonen i skjoldbruskkjertelen. Viss tyroksinkonsentrasjonen i blodet aukar, vil dette verke hemjande på den vidare produksjonen av tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Denne negative tilbakekoplinga skjer fordi hypofysen registrerer den auka konsentrasjonen av tyroksin i blodet og svarer med å redusere utskiljinga av TSHTSH stimulerer skjoldbruskkjertelen til å sende ut hormonet tyroksin. Tyroksin er med på å regulere forbrenninga og er viktig for normal vekst og utvikling.. Dermed vil skjoldbruskkjertelen produsere mindre tyroksin.

 

Kombinasjon av negativ og positiv tilbakekopling

Menstruasjonssyklusen til kvinna blir regulert ved ein kombinasjon av negative og positive tilbakekoplingar. Hypofysen skil ut follikkelstimulerande hormon (FSH) og luteiniserande hormon (LH). Desse påverkar eggstokkane slik at dei produserer høvesvis østrogenet østradiol og progesteron.

Graf som viser nivået på de ulike hormonene gjennom menstruasjonssyklusen.Menstruasjonssyklusen – hormonregulering.

Østradiol og progesteron verkar i sin tur som ein brems tilbake på hypofysen (negativ tilbakekopling): Hypotalamus registrerer den auka hormonkonsentrasjonen og stansar dermed produksjonen av FSHKvinner: FSH stimulerer vekst og utvikling av eggceller og eggstokkar slik at desse produserer hormona østrogen og progesteron. Desse hormona stimulerer vekst og utvikling av kjønnsorgana til kvinna og førebur livmora på eit eventuelt befrukta egg. FSH stimulerer i tillegg vekst av brysta. Menn: FSH er avgjerande for spermieproduksjonen hos menn. og LHKvinner: Hos kvinner stimulerer LH eggstokkane slik at dei produserer østrogen og progesteron, og det set i gang eggløysinga.  Menn: LH stimulerer mannen sine testiklar til å produsere testosteron, som igjen stimulerer utviklinga av kjønnsorgana, skjeggvekst, hårvekst på kroppen, stemmeforandring og mannlege kroppsformer. inntil konsentrasjonen av østradiol og progesteron har sokke tilstrekkeleg. Rett før eggløysinga aukar konsentrasjonen av hormonet østradiol. Dette har ein positiv verknad på hypotalamus (positiv tilbakekopling) slik at det blir ei massiv, men kortvarig frigjering av LH, som igjen får egget til å losne frå eggstokken.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Generelt

Relatert innhald

Fagstoff

Til inspirasjon