Fagstoff

To grupper hormon

Publisert: 26.02.2013, Oppdatert: 02.08.2017
Feittløyselege og vassløyselege hormon

Hormon er ikkje ei einsarta gruppe med sambindingar, men kan grupperast på fleire ulike måtar etter kva ein legg vekt på. Ei vanleg inndeling er å skilje mellom vassløyselege og feittløyselege hormon. Vi skal her sjå nærmare på desse to gruppene og då særleg på skilnader i produksjon, utskiljing, transport, verkemåte og biologisk respons.

 

SpermierTestosteron er eit hormon som mellom anna stimulerer til produksjon av spermiar. Testosteron høyrer til ei gruppe hormon som òg blir kalla steroid, og desse er feittløyselege.  

Utan reseptorar – ingen hormonpåverknad.

Modell av bukspyttkjertelenInsulin og glukagon er vassløyselege hormon som blir produserte i bukspyttkjertelen. Desse hormona regulerer glukoseinnhaldet i blodet. 

Bildet av hjernen som viser hypofysens plassering.Hypofysehormona FSH og TSH er vassløyselege hormon. Desse hormona er bygde opp av aminosyrer og blir derfor òg kalla peptidhormon.

Produksjon og utskiljing

Dei feittløyselege hormona, for eksempel kjønnshormona og kortisol, lèt seg ikkje lagre i vesiklar og forlèt derfor cellene ved diffusjon etter kvart som dei blir produserte.

Dei vassløyselege hormona blir produserte og lagra inne i vesiklar i celler i dei hormonproduserande kjertlane. Når cellene blir stimulerte, vil vesiklane smelte saman med cellemembranane og skilje ut hormona ved eksocytose. Veksthormon, TSHTSH stimulerer skjoldbruskkjertelen til å sende ut hormonet tyroksin. Tyroksin er med på å regulere forbrenninga og er viktig for normal vekst og utvikling., ACTHACTH blir skilt ut i stressande situasjonar og stimulerer binyreborken til å skilje ut mellom anna hormonet kortisol. Kortisol set kroppen i betre stand til å takle stress-situasjonar. I tillegg medverkar det i reguleringa av vass-, salt-, feitt-, karbohydrat- og eggekvitebalansen., LHKvinner: Hos kvinner stimulerer LH eggstokkane slik at dei produserer østrogen og progesteron, og det set i gang eggløysinga.  Menn: LH stimulerer mannen sine testiklar til å produsere testosteron, som igjen stimulerer utviklinga av kjønnsorgana, skjeggvekst, hårvekst på kroppen, stemmeforandring og mannlege kroppsformer. og FSHKvinner: FSH stimulerer vekst og utvikling av eggceller og eggstokkar slik at desse produserer hormona østrogen og progesteron. Desse hormona stimulerer vekst og utvikling av kjønnsorgana til kvinna og førebur livmora på eit eventuelt befrukta egg. FSH stimulerer i tillegg vekst av brysta. Menn: FSH er avgjerande for spermieproduksjonen hos menn. er eksempel på vassløyselege hormon.

Transport

Både feittløyselege og vassløyselege hormon blir transporterte via vevsvæske over til blodet. Feittløyselege hormon er lite løyselege i blodet, men sidan dei blir bundne til transportprotein, vil dei ikkje klumpe seg. Det finst spesifikke transportprotein som berre transporterer ein bestemt type hormon, og det finst meir generelle transportprotein som kan transportere fleire typar feittløyselege hormon. Dei vassløyselege hormona løyser seg lett i blodet og blir derfor transporterte i fri form.

Verkemåte

Hormona blir frakta til målcellene via blodet. Målcellene har reseptorar som passar som "hand i hanske" med det riktige hormonet. Dette gjer at informasjonen i hormonet blir avlevert til riktig adresse. Feittløyselege hormon diffunderer gjennom cellemembranen og bind seg til reseptorar inne i cella før dei utløyser ein biologisk respons.

Vassløyselege hormon bind seg til reseptorar i cellemembranen og stimulerer til ein biologisk respons inne i cella.

Feittløyselege og vassløyselege hormon

Oppgåver
Relatert innhald

Fagstoff

Til inspirasjon