Rettleiing

Slik jobbar vi effektivt i grupper

Publisert: 19.02.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Ungdommer gjør gruppearbeid

Gruppearbeid er ei arbeidsform som vi møter både i arbeidslivet og ved høgare utdanning. For å kunne lære effektivt gjennom denne arbeidsforma er det nødvendig å vere bevisste på korleis vi løyser dei utfordringane som oppstår når fleire skal jobbe med same oppgåve eller prosjekt.

Elevar som samarbeider to og to. Foto.Lat kvar gruppemedlem bruke dei sterke sidene sine.  

Lenke til NRK-video.VIDEO: Gruppearbeid – av og til ei barnsleg oppleving?
Fotograf: Berit Roald
  

Det er lett å få ulike roller i ei gruppe

  • Den dominerande
  • Klovnen
  • Den tause
  • Syndebukken
  • Bodberaren
  • Den arbeidsnarkomane

(Etter Thylefors og Lennéer-Axelson1 )

 

Kan vi lære noko av korleis ein sjimpanse løyser matproblemet sitt?

 

Viss du vil gå djupare inn i gruppearbeidsmysteriet, kan du sjå på denne artikkelen: 5 steg for godt gruppearbeid 

Gruppearbeid er ei krevjande arbeidsform

De skal både løyse dei faglege utfordringane og takle ulike sosiale utfordringar. I ei gruppe vil kvar enkelt ha ulike sett av føresetnader – fagleg kunnskap, ambisjonar, arbeidsformer og innsatsvilje.

Kunsten med å få gruppearbeidet til å fungere er å snu ulikskapane frå å vere eit problem til å bli noko positivt. Som gruppe representerer vi ein betydeleg større ressurs enn det kvar enkelt av oss gjer aleine. Å lære av kvarandre er både artig og effektivt!

Nedanfor er det summert opp nokre sentrale punkt som gjennom ulike undersøkingar har vist seg å vere gode leietrådar for godt gruppearbeid.

1. Ta gruppa di på alvor

Sats på gruppa du høyrer til. Det er med gruppa du skal prestere, det er i di interesse at gruppa fungerer – opptre støttande overfor dei andre medlemmene!

2. Set konkrete mål og skap struktur

Grupper med klare mål jobbar effektivt og – nettopp – målretta. Ha klart for dykk kva de skal oppnå, då er det lettare å konsentrere seg om oppgåva. Struktur inneber òg ein plan for tidsbruk. Finn ut når arbeidet skal leverast, og kva delmål de må ha, og set av tid til felles møte mv.

3. Ha ei tydeleg og avtalt rollefordeling – vel ein leiar

Ulike menneske har ulike eigenskapar – bruk folk der dei er gode, og fordel oppgåvene på medlemmene i gruppa med tydelege og forpliktande avtalar. Vel leiar. Leiaren skal ikkje gjere heile jobben aleine, men motivere til at alle bidreg med sitt!

4. Sørg for å dele ressursar og etablere god kommunikasjon

Det å sørgje for at alle har tilgang til data, verktøy og kunnskapskjelder, er ein føresetnad for godt gruppearbeid. God kommunikasjon – fysisk og digitalt – er med på å sikre god flyt og stort engasjement. Det motiverer å sjå at arbeidet går framover der du bidreg med ein bit av heilskapen!

5. Ver dedikert og demp eige ego

Gruppearbeid handlar om å løyse ei sosial og ei fagleg utfordring samtidig. Jobb konstruktivt som ein del av teamet – bidraget ditt er ein av fleire ingrediensar i det suksessfulle resultatet!

Samarbeid i grupper – korleis gjer vi det?   

Relatert innhald