Fagstoff

Gotisk stilhistorie

Publisert: 13.02.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Glassmalerier i Basilica de Saint-Denis i ParisGlassmalerier i Basilica de Saint-Denis i Paris. 

Nemninga "gotisk" blei til i Italia under renessansen. Italienarane såg på denne byggjestilen som så barbarisk at han berre kunne tilskrivast gotarane, som plyndra Roma på 400-talet. Etter kvart har ordet mist si nedsetjande tyding, og går no inn i stilhistoria som eit uttrykk først og fremst på ein kyrkjearkitektur som oppstod i Frankrike. Når mange brukar årstalet 1144 som starten på perioden, skuldast det innviinga av St. Denis-kyrkja, som no ligg i ein forstad nord for Paris.

 

  St.Denis-kirka

Eigentleg skuldast den nye stilen ei bygningsteknisk nyvinning. I St. Denis-kyrkja blir ribbekvelvet, som ein kjenner tidlegare frå normanniske kyrkjer, kombinert med spissbogar, som ein kjende blant anna frå den burgundiske klosterkyrkja i Cluny. Ved å kombinere ribbekvelv og spissbogar kunne byggmeisteren til St. Denis-kyrkja frigjere veggene for vektberande oppgåver, og desse kunne derfor opnast med vindaugo. Dette gav arbeid til ein profesjon av blyglashandverkarar. Det var det strålande lyset i St. Denis-katedralen som imponerte folk aller mest.

By bilete og kirkekunst

Blyglashandverkarane hadde til å begynne med primært nytta djupe blå og raude glas. Frå omkring 1250 blei dette vidareutvikla til ein meir omfattende og variert fargebruk. Dei skulpturerte portalane blei større, og det skjedde ei viss menneskeleggjering av det religiøse materialet. Den store Josef-figuren på vestfronten av Reimskatedralen kan vere eit eksempel på korleis verdsleg eleganse gradvis kom til å prege kyrkjekunsten. Trondenes kyrkje ved Harstad er verdas nordlegaste steinkyrkje frå mellomalderen, bygd omkring 1250, og har ei karakteristisk dør i spissbogestil.

Fasademåleriet blomstra også opp i byane. Desse måleria var fargeglade og svært omhyggeleg utførde. Av naturlege årsaker er det ikkje mange spor av dei i dag, men ein må førestelle seg eit bybilde der bygningane var måla i kraftige fargar og med dekorasjonar i fleire fargar og med overmåla ornament. Som oftast blei fasademåleriet utført i freskoteknikk, som kalkmåleri eller i kalklimteknikk. Delar av fasadane kunne også vere forgylte. Målarane i mellomalderen framstilte sjølv fargane sine av ulike råstoff.

Gotisk design

I Gotikken brukte man tre i stedet for stein som bygningsmateriale, og taket i Westminster Hall er et eksempel på dette.I Gotikken brukte ein tre i staden for stein som bygningsmateriale, og taket i Westminster Hall er eit døme på dettePå 1300-talet oppnådde ein slåande effektar ved å bruke tre i staden for stein som bygningsmateriale. Litt etter litt blei tre godteke som eit sjølvstendig bygningsmateriale i Europa. Det blei bygd forseggjorde tak av tre, blant anna i Westminster Hall i London i 1390-åra. Ein kan seie at utsmykking i tre kulminerte i gotikken med ei utføring når det galdt balanse og proporsjonar som vi aldri har sett maken til seinare. Grovt sett kan gotisk design i tre delast i to grupper: Den geometriske med masverk i rutemønster og lauvverksdesignen, der det ikkje er spor av dei mekaniske snirklane vi seinare finn i renessansen. Den gotiske treskjeraren gjentok svært sjeldan enkeltdetaljar i eit mønster. Sjølv om hovudlinjene i eit arbeid korresponderte, var alltid detaljane ulike.

Gotisk klesdrakt og hårfrisyre

Klesdraktene i perioden frå 1100 til 1500 har ikkje noko spesielt "gotisk" ved seg. Både menn og kvinner brukte bleikt undertøy forma som ein tunika. Dei fleste menn bar i mellomalderen ein naturfarga tunika over dette som gjekk til knea. På beina hadde dei lange strømper som blei haldne oppe med band. I Norden bar mennene noko som meir likna bukser, som var pakka tett på beina med vovne band. Kvinnene hadde ein lang tunika som gjekk heilt til anklane. Det blei populært å ha lange klokke-ermar og slep, slik at dei andre laga med kjortlar ein hadde på seg kom til syne. Ein stor mage skulle framhevast, det var eit teikn på velstand. På beina hadde både kvinner og menn sko og støvlar sydde av lær. Det blei populært med "snabelsko". Dess høgare status, dess lengre "snabel" på skorne fekk ein ha. For både menn og kvinner, fattig og rik, blei kapper med hette eit naturleg ytterplagg.   Det var vanleg at kvinnene fletta håret sitt. Flettene kunne anten hange laust, eller dei blei kunstferdig sette opp rundt hovudet. Sidan ein sjeldan vaska seg, kunne frisyren vare for lange periodar. Det kunne setje seg ulike insekt i håret, som gjerne blei børsta eller greidd ut. Hovudplagg med slør som likna spir blei teke i bruk, og ein nappa hårlinja for å framheve den runde panna. Mennene var kortklipte, men i dei høgare sosiale laga av befolkninga var det vanleg å bere parykk. Dette galdt både menn og kvinner.

Gotisk skrift

På eit område er likevel den gotiske stilen blitt hangande igjen heilt til våre dagar, og det gjeld gotisk skrift. Denne skrifttypen blei utvikla ved franske kloster på 1100-talet, og sidan det var munkane som stod for bokproduksjonen for hand, med fjørpenn og pensel, blei skrifta også kalla munkeskrift. Gotisk skrift overlevde likevel boktrykkjarkunsten. Då gullsmeden Johann Gutenberg trykte sin første bibel omkring 1450, var typane etterlikningar etter munkane si skrift.

Dyktige smedar

Det heiter seg at Gutenberg var gullsmed, men på 1400-talet var det nok ein glidande overgang mellom det tradisjonelle smedfaget og dei som arbeidde med edlare metall som gull og sølv. Alt som skulle formast av metall kravde dyktige smedar. Det galdt dei tunge rustningane som både riddarane og hestane deira bar, og det galdt sverd, øksar og andre våpen. Likeeins var det med alle jordbruksreiskapane. Og ikkje nok med det. Alt kjøkkenutstyr av metall måtte også smeden lage: gryter og panner, dei kraftige metallkrokane som heldt grytene hangande i riktig høgd over elden i grua. Han laga også drikkebeger og brett i ulike former og storleikar. Til og med viktige bygningsdetaljar, som for eksempel dør- og vindaugshengjarar, blei produserte av smeden.

Funn frå norsk middelalder