Hopp til innhald

Fagstoff

Franchising

Franchising er eit lisenssystem der eigaren av eit produkt eller eit konsept gir sjølvstendige forhandlarar rett til å distribuere produktet mot ei avgift.
Logo Rema 1000. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er franchising?

Ved franchising er det slik at det er nokon som har utvikla og eig eit merkekonsept. Døme på slike merkekonsept er REMA 1000, Body Shop og McDonald's. Slike konsept inneber bestemte måtar å drive på.

Som du sikkert har lagt merke til, blir alle REMA 1000-butikkar drivne tilnærma heilt likt. Butikken ser likeins ut, anten han er på Steinkjer eller i Trondheim. Han har dei same varene, varene er plasserte tilnærma likt, og dei har same merking. Varene blir kjøpte inn gjennom grossisten til kjeda, og dei blir marknadsførte på same måten gjennom felles annonsering.

Franchiseavgift

Dei som driv REMA 1000-butikkane på dei ulike stadene, betaler ei franchiseavgift til den som eig REMA 1000-merket (konseptet).

For franchiseavgifta får dei lov til å drive ein REMA 1000-butikk, og dei får ein del tenester. Døme på tenester som butikkane kan få, er felles marknadsføring og gunstige innkjøpsavtalar.

Ei franchiseavgift kan til dømes vere ein viss prosentdel av omsetninga i butikken.

Ved franchising er altså kvar enkelt butikk eigd av den som driv sjølve butikken. Det er ikkje kjeda McDonald's som eig dei enkelte butikkane, men dei lokale drivarane.

Franchiseavtale – rettar og plikter

Franchiseavtalen mellom partane gjer greie for dei rettane og pliktene den som skal drive butikken, har, og han seier noko om storleiken på ei franchiseavgift. Rettane handlar om løyve til å bruke merket og dei tenestene som er med, medan pliktene går ut på å betale avgifta og drive på den måten som er bestemt. Sjølvstendige bedrifter får altså rettar til å selje produktet mot ei franchiseavgift. Franchiseavgift er då betaling for retten til å bruke merket og for tenester som felles marknadsføring av merket, avtalar om innkjøp av varer og bistand til å drive butikken.

Eit franchisesamarbeid kan vere både horisontalt og vertikalt, avhengig av kven som eig franchiserettane.

Tenk etter
Kvifor trur du mange blir franchisetakarar?

Relatert innhald

Oppgåver om samarbeidsformer i service- og handelsnæringa. Oppgåvene kan gjerast individuelt og i grupper, og eignar seg òg til presentasjon i klassa.

CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018

Læringsressursar

Samarbeidsformer