Hopp til innhald

Fagstoff

Frivillige kjeder

Den minst omfattande samarbeidsforma er frivillige kjeder. Dei består av sjølvstendige bedrifter som samarbeider om til dømes innkjøp.
Libris
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frivillige kjeder

Ei frivillig kjede er ei samarbeidsform innanfor detaljhandelen og består av ei gruppe sjølvstendige bedrifter som samarbeider.

Døme på slike frivillige kjeder er Libris, Ringo, Citybag, Byggmakker og Møbelringen. Butikkane står fritt til å melde seg inn i eller ut av kjeda.

Eit medlemskap i ei frivillig kjede gir samarbeidsfordelar når det gjeld til dømes innkjøp, marknadsføring og personalopplæring. Ei frivillig kjede er den minst omfattande samarbeidsforma og den som er lettast å få i stand.

Ei frivillig kjede av butikkar kan på sikt kjøpe opp ein produsent eller ein grossist. Då går det horisontale samarbeidet over til vertikal integrasjon.

Relatert innhald

Oppgåver om samarbeidsformer i service- og handelsnæringa. Oppgåvene kan gjerast individuelt og i grupper, og eignar seg òg til presentasjon i klassa.

CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018

Læringsressursar

Samarbeidsformer