Hopp til innhald

Fagstoff

Distribusjon og distribusjonskanalar

Distribusjon handlar om den måten produktet kjem ut til kundane på (til dømes via ein butikk). Her skal vi sjå på ulike distribusjonskanalar.
Trailer som kjører på ein tofeltsvei i solnedgang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Distribusjonskanal

Det er lettast å forstå samarbeidsformene når vi har klart for oss korleis distribusjonskanalen ser ut. Distribusjonskanalen er den vegen produktet tek frå produsent til forbrukar. Dei ulike aktørane blir kalla distribusjonsledd.

Figuren viser fire ulike distribusjonskanalar – fire vegar som produktet kan ta frå det er produsert og til det er hos forbruka
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fire distribusjonskanalane

Den kanalen som manglar mellomledd, blir kalla direkte distribusjon. Då kjøper forbrukaren produktet rett frå produsenten. Det er tilfellet for mange tenester. Det er ingen mellomledd mellom deg og frisøren når du kjøper deg ein hårklipp. Eit anna døme på kjøp direkte frå produsent er når vi handlar i ein gardsbutikk. Bonden har då både produsert og foredla vidare produkta som er for sal.

Dei tre andre kanalane har mellomledd. Grossisten er det distribusjonsleddet som tek imot ulike produkt, lagrar dei ei tid og sender dei vidare. Innanfor varehandelen finst det fleire grossistlager. Varer frå ulike produsentar blir sende til eit grossistlager.

Frå grossistlageret blir det sendt ut varer til detaljistane (utsalsstadene, butikkane). Det finst grossistlager for mange ulike typar varer, til dømes elektromateriell og røyrleggjarutstyr og daglegvarer, som kjem frå til dømes ASKO. Importørar av ulike produkt er også grossistar, til dømes bilimportørar.

Relatert innhald

Oppgåver om samarbeidsformer i service- og handelsnæringa. Oppgåvene kan gjerast individuelt og i grupper, og eignar seg òg til presentasjon i klassa.

CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.04.2018

Læringsressursar

Samarbeidsformer