Fagstoff

Bruk av ADR-boka

Publisert: 05.08.2013, Oppdatert: 05.03.2017

ADR-bokaADR-boka 

Forskrift om landtransport av farlig gods består av

  • ei «rammeforskrift» med paragrafar nummererte frå § 1 til § 37
  • ADR, delane 1–9
  • RID, delane 1–7

Paragrafane i «rammeforskrifta» er trykt på grå bakgrunn. Direkte under somme av paragrafane står rettleiinga til den aktuelle paragrafen.

ADR blir i denne boka hovudsakleg brukt om vedlegga A og B til ADR-avtalen. RID blir i denne boka hovudsakleg brukt om vedlegg C til COTIF-avtalen.

For å gjere boka meir brukarvennleg er delane 1–7 i ADR og RID fletta saman. Delane 8 og 9 i boka gjeld berre ADR.

Tekst (delane 1–9) som gjeld både ADR og RID, er vist i same fonten (skrifttypen) som denne setninga.

 
Tekst (delane 1–9) som berre gjeld ADR, er vist i same fonten som denne setninga.

 
Tekst (berre i delane 1–7) som berre gjeld RID, er vist i same fonten som denne setninga.

 

I tillegg er det fleire stader – i overskrifta eller i dei enkelte avsnitta – eit prefiks (ADR eller RID) framfor tekstane det gjeld.

Tilråding
Les først gjennom §§ 1–37 i forskrifta, medrekna rettleiinga til dei ulike paragrafane, deretter teksten nedanfor.

Her følgjer ei grov oversikt over kva som finst kvar ADR og RID.

Del 1 «Alminnelige bestemmelser»

Del 1 inneheld reglar som er allmenngyldige for alt farleg gods. Avsnitt 1.1.3 inneheld ulike unntak frå ADR og RID, til dømes nokre unntak som gjeld privatpersonar, og reglar om særskilde unntak for «1.1.3-mengder». Overgangsreglar, til dømes for køyretøy og anna materiell, finst i kapittel 1.6.

Del 2 «Klassifisering»

For å finne fram til kva reglar som gjeld for eit stoff eller ein gjenstand, må vi vite kva UN-nummer det aktuelle stoffet eller gjenstanden tilhøyrer. Stoff eller gjenstandar som allereie er tildelte eit UN-nummer, finst i den alfabetiske lista i tabell B i kapittel 3.2. Der kan vi finne direkte kva UN-nummer stoffet eller gjenstanden er klassifisert som. Er vi usikre på om det aktuelle stoffet eller den aktuelle gjenstaden er dekt av eit UN-nummer som står oppført framfor namnet i tabell B, må ein klassifisere dette i samsvar med reglane i del 2.

Del 3 «Liste over farlig gods, unntak for begrensede mengder og unntatte mengder»

Les først forklaringa til tabell A i avsnitt 3.2.1. Dersom vi kjenner korrekt UN-nummer (til dømes frå tabell B), kan vi i tabell A finne reglar som er spesielle for dette UN-nummeret.

Del 4 «Emballasje, gassflasker og tanker – bruk»

 

Del 5 «Klargjøring for forsendelse»

Kapittel 5.2 gjer greie for merking og faresetlar på kolli.
Kapittel 5.3 gjer greie for merking og faresetlar på køyretøy.
Kapittel 5.4 gjer greie for dokumentasjon, til dette høyrer innhald i transportdokument og skriftlege instruksjonar til sjåføren (transportuhellskort).

Del 6 «Emballasje, gassflasker og tanker – konstruksjon og periodisk kontroll»

 

Del 7 «Diverse bestemmelser som gjelder ved transport»

Kapittel 7.5 handlar om lasting, lossing, handtering og samlastingsforbod.

Del 8 «Utstyr, dokumenter og opplæring»

Kapittel 8.1 gjere greie for kva dokument, brannsløkkarar og anna utstyr som skal vere med i eit køyretøy.
Kapittel 8.2 gjer greie for ADR-kompetansebevis.

Del 9 «Konstruksjon av tankbiler, EX-biler og MEMU-er»

 

Oppgåver