Oppgåve: Drøfte

Refleksjonsoppgåver til "Tilpassingar hos plantar"

Publisert: 06.02.2013, Oppdatert: 03.08.2017
Mogop i fjellet tidlig på våren

Desse oppgåvene skal hjelpe deg til å reflektere over kva ei tilpassing er, og kva slags generelle tilpassingar plantar har utvikla for eit liv på land. Du skal forstå forskjellen på arvelege og ikkje-arvelege tilpassingar og kunne gi eksempel på desse.

Stengt spalteåpningEr mengda av spalteopningar og plasseringa av desse lik hos alle plantar? 

Sherpa høyt til fjells i HimalayaSherpaene er ei folkegruppe som kjem frå fjellområda aust i Himalaya. Trur du denne folkegruppa er tilpassa eit liv høgt til fjells?

  1. Gi eksempel på abiotiske og biotiske faktorar som du trur plantar må tilpasse seg i ulike miljø.

  2. Kva generelle tilpassingar til landlivet kjenner du til hos følgjande landplantegrupper:
    1. mosar
    2. karplantar
    3. frøplantar
    4. dekkfrøa blomsterplantar

  3. Kva er ei tilpassing? Gi eksempel!

  4. Fjellklatrarar som skal klatre opp på Mount Everest og andre høge fjell, må først akklimatisere seg. Kva betyr det? Er denne tilpassinga arveleg eller ikkje-arveleg, trur du?

  5. Trur du somme menneske eller menneskegrupper er arveleg tilpassa store høgder utan å måtte akklimatisere seg? Grunngi svaret ditt.

  6. Kjenner du til eksempel på generelle tilpassingar til landlivet som er vidare tilpassa spesielle landmiljø?

Relatert innhald

Generelt