Fagstoff

Tilpassingar til andre artar

Publisert: 06.02.2013, Oppdatert: 02.08.2017
Geit på beite

Plantar lever i eit samspel med mange andre levande organismar. Dette samspelet kan gi fordelar eller ulemper for den eine eller begge eller utgjere ein forskjell for berre den eine av partane. I nokre tilfelle har samspelet ført til reine "våpenkappløp" mellom dei involverte artane, der forsvarstrekk utvikla hos den eine utløyser utvikling av nye angrepsmetodar hos den andre.

Leddknute hos gressMange grasartar toler noko beiting fordi dei har vekstpunkt over leddknutane som gjer at dei kan vekse vidare. I nokre tilfelle kan beiting faktisk stimulere til auka vekst. 

Tuer av sølvbunkeBeitemark der sølvbunketuene får stå i fred på grunn av dei rue blada med høgt innhald av tungt fordøyelege stoff. 

Blad med sorteflekker av svartflekksoppTre som er angripne av sjukdomsorganismar, kan felle blada sine eller setje i gang styrt celledød rundt området som er råka, for å hindre spreiing. Denne lønna er angripen av sekksporesoppen lønntjæreflekk. 

KvekeKveke skil ut stoff som hindrar andre plantar i å spire og utvikle seg (allelopati).

Tilpassingar til planteetarar

Dyr som skaffar seg næring ved å ete plantar, kallar vi herbivorar. Plantane er tilpassa herbivori anten ved at dei unngår å bli beita på, eller at dei til ein viss grad toler å bli beita på.

Rose torner Mange plantar unngår beiting ved å forsvare seg mekanisk med tornar, piggar eller rue og stive blad. Plantar forsvarer seg kjemisk ved å produsere giftige eller tungt fordøyelege stoff. Nokre plantar i krossblomfamilien frigjer bestemte stoff viss insektlarvar går til angrep på dei. Desse stoffa tiltrekkjer seg ein såkalla livvaktveps som igjen går til angrep på insektlarvane. Andre plantar inngår i eit samliv med organismar som beskyttar mot herbivorer. Dette samlivet blir kalla mutualisme. Somme stoff kan òg påverke plantar i nærleiken og setje dei i alarmberedskap.

Forholdet mellom herbivorar og plantar kan ein kalle eit "evolusjonært våpenkappløp" der herbivoren stadig utviklar nye trekk, for eksempel resistens mot giftstoff som plantane produserer. På den måten kan herbivoren halde tritt med forsvarstrekka som planten utviklar. Slik gjensidig tilpassing kallar vi koevolusjon, og dette går òg føre seg mellom blomeplantar og pollinerande insekt.

Tilpassingar til parasittisme og sjukdom

Plantar har utvikla fleire vernemekanismar mot angrep frå parasittar og andre sjukdomsorganismar. Nokre plantar produserer kjemiske stoff (plantehormon) på skadestaden. Desse blir transporterte til uskadde delar av planten og stimulerer til produksjon av vernande stoff her. Nokre gonger sørgjer planten òg for kontrollert celledød i det området som er angripe, slik at sjukdomsorganismen blir svelta ut.

Fordelaktig samspel (mutualisme)

Det er mange fascinerande eksempel på samspel som er til fordel for begge partar (mutualisme) når det gjeld blomeplantar og pollinatorar og frøspreiarar. Insekt og andre dyr hjelper plantane med pollinering og frøspreiing og blir lønt med nektar eller anna næring.

Symbiose mellom acacia og maur  Akasiatreet gir maurane husrom og næring i den oppsvulma basisen til tornane. Maurane beskyttar til gjengjeld treet ved å angripe herbivorar som forsøkjer å beite på treet. I tillegg beiter maurane ned plantar rundt akasiatreet slik at konkurransen om lys og næring blir mindre.

Konkurranse

Plantar konkurrerer mellom anna om lys, vatn, pollinatorar og plass. Nokre plantar skil ut kjemiske stoff som hemjar veksten til andre plantar (allelopati). Mange framande planteartar som er blitt problematiske i naturen, har skaffa seg eit konkurransefortrinn ved at dei skil ut slike stoff. Plantar konkurrerer òg med kvarandre gjennom rotvekst for å skaffe næring og vatn.

Relatert innhald

Fagstoff

Aktuelt stoff