Fagstoff

Sjukdommar i nervesystemet – livsstil og påverknad

Publisert: 06.02.2013, Oppdatert: 02.10.2017
Synapse og medikamenter

Nervesystemet er i likskap med andre organsystem i kroppen utsett for sjukdommar og skadar. Somme av sjukdommane kjem av genane våre, mens andre blir utløyste av levesettet vårt.
Det er ikkje alltid lett å avgjere om ein sjukdom er ei følgje av arv eller miljø. Det er likevel heilt klart at livsstilen vår betyr noko for helsa, og at uheldige val kan føre til sjukdom eller skade.
Bruk av rusmiddel kan gi forbigåande verknader, men kan òg gi varig skade på nervesystemet. Somme av dei vanlegaste folkesjukdommane er symptom frå stress, uro og muskelspenningar og skadar i ryggsøyla og i mellomvirvelskiver.

Tegning av synapse hvor narkotika blokkerer reseptorene.Nevrotransmitterar (raude kuler) fører ein nerveimpuls (frå venstre) over til synapsen ved å feste seg til reseptorane (rosa) på mottakarcella. Medikament og narkotika (blåe trekantar) kan binde seg til reseptorane og blokkere for impulsar eller hindre nye opptak av transmitterstoff, slik at impulsane blir sende utan stans. 

Rusmiddel sin verknad på nervesystemet.Rusmiddel verkar på nervesystemet ved at deistimulerer utskiljing av transmitterstoff – auka aktivitet hindrar at transmitterstoff blir brotne ned – auka aktivitet etterliknar transmitterstoff – auka aktivitetblokkerer for utskiljing av transmitterstoff – hemjar impulsarblokkerer reseptorar i synapsen – hemjar impulsarhemjar nye opptak av transmitterstoff 

 

Synnapse med reseptorer, og stoffer i flere farger.Antidepressiva (rosa) blokkerer for nytt opptak av serotonin (guloransje perler) i den øvste cella slik at mengda serotonin aukar. Serotonin er viktig for humør, søvn, seksualitet og appetitt. Ecstasy gir rus ved at det aukar frigjeringa av serotonin, men bruk av ecstasy kan øydeleggje nerveceller som skil ut serotonin. 

En person som sitter på gata med brukerutstyr foran seg.21-årig narkoman jente som har vore heimlaus i fem år. 

Illustrasjon av et hode med blodårer, nerver og lyn i pannen.Migrene er ei tilbakevendande hovudpine som kan vere følgd av kvalme, oppkast og følsemd for lys og lyd. Årsakene til migrene er uklare, men nokre av dei utløysande faktorane er kjende. 

feil sittestilling, nedsunket på stolen.I ei slik sitjestilling vil mellomvirvelskivene i korsryggen bli feilbelasta. Over tid vil dette gi slitasjar som kan føre til ein smertefull skiveprolaps. 

Video om multippel sklerose  

Rusmiddel verkar på nervesystemet

Inntak av rusmiddel kan med ein gong gi ei kjensle av velvære, samtidig som konsentrasjon, evna til å hugse og andre hjernefunksjonar blir svekte. Ein blir meir impulsiv, og evna til å gjere kritiske vurderingar blir dårlegare. Gjenteke rusmiddelbruk kan føre til at ein blir avhengig, og gi varige skadar.


Dei mest brukte rusmidla

Ulike narkotiske stoffer som pulver og tabletter. Stoff som gir rusalkohol kannabis (hasjisj, marihuana) amfetamin, metamfetamin, kokain, ecstasy, katbenzodiazepin og liknande legemiddel (roande midlar, epilepsi- og sovemedisinar) opioid som heroin, morfin, kodein, metadon, buprenorfin, oksykodon flyktige stoff / løysemiddel (sniffestoff) andre narkotiske stoff som GHB, LSD, PCP (englestøv), psilocybin (fleinsopp) finst både i produkt som blir selde lovleg, for eksempel alkohol og løysemiddel, i reseptpliktige legemiddel, som morfin og benzodiazepin, og i ulovlege narkotiske stoff.

Planskje med sortering av rusmidler etter virkning.Verknadene av rusgivande stoff kan vi dele i tre hovudkategoriar: dempande, stimulerande og hallusinasjonframkallande verknader.      

Endring i hjernen over tid – avhengighet

Gjenteke bruk av rusgivande stoff kan føre til langvarige endringar i den frontale delen i hjernen. Ein person som har misbrukt rusmiddel over lang tid, kan dermed bli meir impulsiv og mindre kritisk til eigne handlingar i rusfri tilstand òg.

Det er òg vanleg at verknadene av rusen blir mindre etter gjenteke bruk. Dette blir kalla toleranse, og årsaka er mellom anna at hjernecellene tilpassar seg verknadene av rusen, og at ”kvileaktiviteten” i hjernecellene blir senka. Det kan føre til at kvardagslege positive hendingar ikkje gir like mykje glede og positive kjensler som før. Risikoen for avhengnad oppstår når rusmiddelbrukaren føler behov for å komme ut av det låge stemningsleiet og løyser problemet med rusmiddel.1 

Hovudpine

Jente som tar seg til hodet. Hovudpine er ei vanleg og ofte svært plagsam liding som dei fleste menneske opplever av og til. Somme er likevel meir plaga av hovudpine enn andre, og for enkelte kan lidinga bli kronisk (varig). Livsstil er ei viktig årsak til hovudpine. Eit stressande liv over lang tid, for lite søvn, for lågt væskeinntak, feil bruk av medikament eller feil arbeidsstilling er faktorar som kan utløyse stresshovudpine.

Migrene er ei bankande smerte i hovudet, ofte i den eine halvdelen av hovudet, og er ofte følgd av kvalme. Ein trur at utvidingar og samantrekningar av blodårer i hovudet er årsaka til migreneanfalla, og at arv speler ei rolle for utviklinga av sjukdommen. Dei eksakte årsakene til migrene er ikkje kjende, men utløysande faktorar kan vere visse matvarer, stress og angst og for lite eller for mykje søvn. Migrene må som regel bli behandla med medikament.

Skiveprolaps (skiveutgliding)

Illustrasjon av nakke og hode, med brennende rød farge i nakken.

Korsryggen og nakken er mest utsette for skiveprolaps. Årsaker kan vere feilbelastning over lengre tid, slik som feil sitjestilling og uheldig løfteteknikk. Skiveprolaps kan òg bli utløyst av fall og ulykker som gir brå belastning av mellomvirvelskivene. Når ein blir eldre, blir bindevevsringen svekt naturleg, og det skal mindre belastning til før ein får prolaps. les meir

En frisk virvel og en virvel med skiveprolaps som trykker på nerven.Tverrsnitt av ryggsøyla, med prolaps nedst.Ryggsøyla er sett saman av ryggvirvlar og fleksible mellomvirvelskiver. Ein ytre bindevevsring omgir ein geléaktig kjerne i mellomvirvelskivene. Dette gjer ryggsøyla rørleg og dempar støyt. Mellom kvar knokkel spring kraftige nervar ut til alle delar av kroppen.

Ved skiveprolaps blir den geléaktige delen av mellomvirvelskiva pressa ut gjennom bindevevsringen, slik at han trykkjer på nerverøtene og/eller ryggmergen. Dette kan vere intenst smertefullt.

Symptom er smerter som stråler ut i armar eller bein, at ein blir nomen, mister muskelstyrke og får lammingar eller kjensleforstyrringar. Viss skiveprolapsen fører til eit trykk på ryggmergen, kan urinrefleksen bli hemja, og ein får problem med å tisse.

Skiveprolaps kan behandlast på fleire måtar. Som regel vil ein først prøve sengeleie kombinert med smertestillande medikament og fysioterapi. Viss symptoma held fram, kan operasjon bli nødvendig. skjul

 

Sjukdommar i nervesystemet som ikkje har årsak i livsstil