Hopp til innhald

Fagstoff

Modulvogntog

Her skal du lære om modulvogntog.
Biletet viser eit modulvogntog på motorveg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modulvogntog

er ulike køyretøykombinasjonar som er tillatne i EU. Dei kan ha ulike typar påbygg, men oftast består dei av kapell, skap eller konteinarar.

I Noreg er modulvogntog tillatne på enkelte strekningar. Kva strekningar det gjeld, finn du i Statens vegvesen sine veglister for modulvogntog. Her kan du laste ned veglistene over kva vegar modulvogntog kan nyttast på, og du finn òg informasjon om kva som blir rekna som modulvogntog.

Det som er spesielt med modulvogntoga, eller EMS-vogntoga, er lengda – dei kan vere heile 25,25 meter lange. Eit slikt vogntog kan transportere tre stykk ISO- eller EURO-konteinarar og blir derfor meir effektivt enn eit vogntog med vanleg lengd. EMS betyr European modular system, eller "europeisk modulsystem".

Det finst fleire kombinasjonar av bil og tilhengjar som kan inngå i eit modulvogntog. Den vanlegaste i Noreg er type 1, som består av ein lastebil som har kopla på ein dolly med svingskive med ein semitrailer på, slik som på bileta.

Biletet viser eit modulvogntog i sving.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022

Læringsressursar

Påbygg