Hopp til innhald

Fagstoff

Dyretransport

Eit køyretøy som skal frakte levande dyr, må tilfredsstille visse krav.
Griser i påbygg for dyretransport. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transport av levande dyr

Transportmiddel som skal transportere levande dyr, må vere godkjende, og føraren skal ha gjennomført ei spesialisert opplæring i korleis ein transporterer levande dyr.

Påbygget på køyretøyet skal vere utforma på ein slik måte at dyra ikkje lir overlast under transporten. Det skal vere god lufting, båsar som held dyra skilde, og eit golv som gjer at dyra står trygt.

Mattilsynet skal godkjenne påbygg for dyretransport, og gjennomfører stikkprøver av påbygg som det blir søkt om godkjenning for.

Sjå også:

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018

Læringsressursar

Påbygg