Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein flik av røyndomen

Bileta i desse oppgåvene er henta frå Slottet si offisielle julefotografering i 2012. Dei bileta vi har valt, har ulike utsnitt.
Dronning Sonja leser eventyr for Ingrid Alexandra
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Studer biletet ovanfor.

  1. Kva for biletutsnitt er brukt i dette biletet?
  2. Kva for personar er med på biletet?
  3. Kva for aktivitet er det som går føre seg?
  4. Kva fortel biletet om relasjonen mellom personane i biletet?
  5. Kva er bodskapen i biletet?
  6. Kva finst utanfor biletramma?

Oppgåve 2

Sjå nytt biletutsnitt
Dronning Sonja leser eventyr for en interessert Ingrid Alexandra og en uinteressert Sverre Magnus
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva for biletutsnitt er brukt i dette biletet?
  2. Kva for ny informasjon gir dette biletutsnittet?
  3. Kva finst utanfor biletramma?

Oppgåve 3

Sjå nytt biletutsnitt
Hele kongefamilien foran juletreet. Sonja leser eventyr for barna.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva for biletutsnitt er brukt i dette biletet?
  2. Kva for personar er med på biletet?
  3. Kva fortel biletet om relasjonen mellom personane i biletet?
  4. Kven er avsendaren av dette biletet?
  5. Kva for bodskap ønskjer avsendaren å formidle?
  6. Kva finst utanfor biletramma?

Oppgåve 4

Dei offisielle bileta frå julefotograferinga i 2012 er lagde ut på nettsida kongehuset.no: Julefotografering på Slottet

  1. Kva for biletutsnitt har kongehuset valt på si eiga nettside?
  2. Kva kan grunnen vere til at Slottet har valt nett desse biletutsnitta?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Innføring i bilete