Hopp til innhald

Fagstoff

Atom

Vi lærer om atom for å forstå korleis stoff reagerer med kvarandre, og kvifor dei ulike stoffa har forskjellige eigenskapar.
Atom. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hydrogenmodell. Illustrasjon.

Oppbygginga til atoma

Når vi skal lære korleis eit atom er bygd opp, er det ikkje så viktig å prøve å forstå korleis det eigentleg ser ut. Når vi skal beskrive oppbygginga, er vi meir interesserte i å forstå korleis atoma verkar på kvarandre.

Atom er sette saman av byggjesteinane proton, nøytron og elektron.

Dei to første typane, proton og nøytron, kallar vi kjernepartiklar. Det er fordi desse alltid er plasserte i kjernen til atomet. Vi tenkjer oss at den siste byggjesteinen, elektronet, beveger seg i ulike skal rundt kjernen.

Deuteriummodell. Illustrasjon.

Hydrogen

La oss først ta føre oss det enklaste atomet vi kan tenkje oss: eit atom med berre eitt proton og eitt elektron. Atom som er sette saman slik, kallar vi hydrogen.

Eit hydrogenatom er altså sett saman av ein kjerne med eitt proton og eitt elektron som er i skalet rundt kjernen. Desse partiklane har òg ein ladning, omtrent som pluss og minus på eit batteri. Protona har ein positiv ladning, og elektrona har ein like stor negativ ladning. Til saman utliknar dei kvarandre slik at summen av ladningar i atomet er null.

Men kva med den siste byggjesteinen, nøytronet? Som namnet tilseier, har ikkje denne partikkelen noka ladning (han er nøytral). Det er som regel omtrent like mange nøytron som proton i eit atom. Hydrogenatomet finst i tre variantar: éin variant som ikkje har noko nøytron, éin som har eitt nøytron, og éin som har to nøytron. Slike variantar av same atom kallar vi isotopar.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2018

Læringsressursar

Å lære seg kjemi