Fagstoff

Tilpassingar hos plantar

Publisert: 22.01.2013, Oppdatert: 02.08.2017
Kålsommerfugl larve

Plantar har ei rekkje tilpassingar til landlivet som er felles. Likevel er det stor variasjon i livsvilkår og miljøforhold ulike stader på jorda, og derfor har plantar mange spesifikke tilpassingar til det konkrete fysiske miljøet dei lever i, og til andre organismar som dei dels er avhengige av, og dels må beskytte seg mot.

Faktorer som påvirker plantenes tilpasningPlantar må vere tilpassa ei rekkje ytre faktorar.  

TyttebærMange lyngartar har blad som er tilpassa tørke, med bladkant som er rulla innover og tjukk kutikula. 

Rypebær på en rabbRypebær veks på rabbar i fjellet og er tilpassa sterk vind, frost og tørke.

Kva er ei tilpassing?

Ei tilpassing er ein eigenskap som aukar sjansen ein organisme har til å overleve og formeire seg i det miljøet han lever i.

Arvelege tilpassingar blir kalla adapsjon og er eit resultat av naturleg seleksjon. Ikkje-arvelege, fysiologiske tilpassingar til endringar i miljøet gjennom livsløpet blir kalla akklimatisering (tilvenning). Sjølve evna til å akklimatisere seg er gjerne arveleg og eit resultat av naturleg seleksjon.

Alle trekka til ein organisme er ikkje nødvendigvis tilpassingar. Ein art kan òg vere avgrensa av evolusjonshistoria si og leve i eit bestemt miljø fordi han manglar evna til å tilpasse seg andre miljø.

Tilpassingar til kva?

Alle organismar er prisgitte ei lang rekkje ytre faktorar, både abiotiske (ikkje-levande) og biotiske (levande). Lys, tilgang på næring, vatn og karbondioksid er eksempel på abiotiske faktorar. Planteetarar, sjukdomsorganismar og andre artar som plantane anten konkurrerer med eller har nytte av, er eksempel på biotiske faktorar.

Generelle og spesielle tilpassingar

Leidningsvev, spalteopningar og sporar og pollen som er beskytta mot tørke, er tilpassingar til generelle utfordringar ved landlivet. Utviklinga av eit ytre vokslag, kutikula, for å redusere fordamping frå overflata er òg ei slik tilpassing som finst hos dei fleste landplantar. Kor tjukt dette vokslaget er, varierer likevel; plantar i tørre miljø har gjerne eit tjukt vokslag, mens plantar i fuktige miljø gjerne har eit tynnare lag eller manglar kutikula. Dette er spesielle tilpassingar til bestemte landmiljø.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Praktisk stoff

Generelt

Relatert innhald

Fagstoff