Hopp til innhald

Fagstoff

Bildekk, bilbatteri og elektronisk og elektrisk avfall frå næringslivet

Kva skjer med kasserte bildekk og bilbatteri, og med elektronisk og elektrisk avfall frå næringslivet? Lær meir om temaet her.
Elektronisk og elektrisk avfall som står lagra i store pallboksar av metall. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Godkjende returselskap

Bedrifter som skal levere bildekk, bilbatteri og elektrisk og elektronisk avfall til gjenvinning, må bruke returselskap som er godkjende av Miljødirektoratet. Miljødirektoratet har oppretta eit digitalt register over godkjende returselskap. Her finn ein alltid oppdatert informasjon.

Bildekk

Dekkforhandlarar kan velje å regummiere kasserte dekk eller utnytte dei kasserte dekka til å lage andre produkt. Alternativt må forhandlarane, som har plikt til å ta kasserte dekk vederlagsfritt i retur, levere dekka til ein godkjend innsamlar. Selskapet Norsk Dekkretur AS administrerer ordningane med mottak, innsamling og sal av dekk.

Bilbatteri

Forhandlarar av bilbatteri har plikt til å ta brukte bilbatteri vederlagsfritt i retur. Batteria leverer dei vidare til godkjende innsamlarar.

EE-avfall

EE-avfall er kort for elektronisk og elektrisk avfall. Alle produsentar og importørar av EE-avfall skal vere knytte til eit godkjent returselskap. Gjenvinning av EE-avfall er spesielt viktig, for denne typen avfall blir i svært liten grad broten ned i naturen. I tillegg inneheld EE-avfall verdifulle metall som kan gjenvinnast. Kopar og aluminium, til dømes, er vanlege metall i høgspennings- og lågspenningskablar og i ulike elektriske apparat.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen og Haldor Hove. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.03.2023

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk