Fagstoff

Plantehormon

Publisert: 21.01.2013, Oppdatert: 04.08.2017
Utvikling fra frø til plante

Vekst og utvikling hos plantar blir påverka og avgrensa av både genane og miljøet. For fastsitjande plantar er det særleg viktig å kunne tilpasse seg ulike miljøforhold gjennom livsløpet for å utnytte desse best mogleg. Plantehormon bidreg til å gjere om slike ytre stimuli til indre responsar i planten. Plantehormon fungerer òg som eit indre kommunikasjonssystem for planten.

Kjemisk struktur til gibberellinPlantehormon er kjemiske signalstoff som påverkar fysiologiske prosessar hos plantane, sjølv ved låge konsentrasjonar. Figuren illustrerer den kjemiske strukturen til eit gibberellin-hormon. 

Gran med toppskuddsdominansAuxin er eit hormon som blir rikeleg produsert i vekstvevet til toppskotet, og dette hemmar veksten til sideskota så lenge toppskotet er friskt og aktivt. Dette blir kalla apikal dominans (toppskot-dominans). Sideskota utviklar seg først når toppskotet har vakse noko. 

Steinfrie druerPlantehormonet gibberellin blir brukt til druer, både for vekst og danning av frukter utan frø. 

Tørket plante fra gresskarfamilienEtter veker utan regn maktar ikkje røtene å erstatte vasstapet gjennom spalteopningane. Det einaste forsvaret graskarplanten har då, er å lukke spalteopningane. Dette blir styrt av hormonet abscisinsyre. 

Modne og umodne tomaterModne tomatar skil ut gassen etylen, som mellom anna stimulerer modning hos umodne frukter i nærleiken.

Kva er eit plantehormon?

Eit plantehormon er eit organisk stoff som finst naturleg i planten, og som sjølv ved låge konsentrasjonar påverkar vekst og utvikling. Plantehormon blir laga i heile planten, spesielt i vekstsoner (meristem) og i ungt vev i utvikling, og ikkje i eigne kjertlar som hos dyr. Plantehormona verkar vanlegvis andre stader enn der dei blir laga, og blir transporterte i leidningsvevet eller frå celle til celle.

Plantehormona koordinerer planten sin respons på ulike stimuli. Auxin, gibberellin, cytokinin, abscisinsyre og etylen er dei mest kjende plantehormona.

Korleis verkar plantehormon?

Det er fleire stimuli som påverkar konsentrasjonen og transportretninga til plantehormona. Hormona bind seg til reseptorar i målcellene, og denne bindinga aktiverer eller deaktiverer genar og fører dermed til stimulering eller hemming av vekst.
Det same hormonet kan gi ulike effektar avhengig av planten, plantedelen og utviklingsstadiet til planten. Mange plantehormon utløyser dessutan liknande responsar. Hormona verkar ofte saman, og responsen er avhengig av mengdeforholdet mellom stoffa.

Auxin

Auxin er ei stor og viktig gruppe plantehormon med mange verknader. Dette hormonet stimulerer vekst ved å fremje lengdeveksten til cellene og delvis òg celledelinga.
Samanhangen mellom fototropisme og auxin Auxin er spesielt kjent for å syte for at plantar veks mot lyset (fototropisme). Dette skjer fordi auxin beveger seg over til skuggesida slik at skotet veks raskare her. Auxin er òg viktig for danninga av røter og leidningsvev, og for normal frø- og fruktutvikling.

Gibberellin

Gibberrelin gir auka strekkingsvekst av stengelen. Hormonet stimulerer både til celledeling og til at cellene strekkjer seg. Plantesortar med dvergvekst har redusert evne til å produsere hormonet. Gibberellin fremjar òg frøspiring, bløming og danninga av frukter utan frø, og det forseinkar aldring og lauvfelling.

Cytokinin

Cytokinin er først og fremst kjent for å stimulere celledeling. Sidan cytokinin òg hemmar aldring, blir det kalla "ungdomshormonet". Hormonet verkar ofte saman med auxin, mellom anna når det gjeld kontroll av toppskot-dominans ved at cytokinin fremjar veksten av sideknoppar. I likskap med fleire andre hormon fremjar òg cytokinin danninga av frukter utan frø og bryter frøkvile.

Abscisinsyre

Abscisinsyre er eit veksthemmande plantehormon som hovudsakleg verkar ved å hemme dei andre hormona. Abscisinsyre blir danna når planten blir utsett for ulike typar stress, mellom anna tørkestress. Hormonet framkallar frøkvile og knoppkvile og fremjar derfor ein dvaletilstand i planten ved ugunstige miljøforhold. Abscisinsyre er òg involvert i opning og lukking av spalteopningar. Frø som manglar evna til å lage abscisinsyre, spirer på morplanten (vivipari).

Etylen

Etylen blir kalla "aldringshormonet" og fremjar aldring av organ som blad og blom. Det er viktig for fruktmodning og bladfelling, og det hemmar rot- og lengdevekst.

Etylen er, i motsetning til dei andre plantehormona, ein gass, og kan derfor diffundere gjennom lufta og påverke plantar i nærleiken. Etylen syter for at spirande frø har ein kort og tjukk kimstengel som er tydeleg bøygd i spissen. Dette hjelper frøplanten å bryte gjennom jorda. Etylen blir òg produsert ved stress og er viktig for korleis planten responderer på mekanisk skade og sjukdomsangrep.

Andre plantehormonDet finst mange andre hormonelle stoff som er involverte i vekst og utvikling hos plantar, og det blir stadig oppdaga nye. Brassinosteroidar påverkar både cellestrekking og celledeling i tillegg til aldring. Jasmonat og salicylsyre er viktige i planten sitt forsvar mot skadar frå planteetarar og sjukdomsframkallande organsimar. Jasmonat hemmar vekst og framskundar aldring. Salicylsyre hindrar sjukdomsspreiing ved å syte for kontrollert celledød i infiserte vev og ved å gi signal til andre delar av planten som då kan beskytte seg betre.   

Syntetiske plantehormoner og kommersiell bruk

Syntetiske plantehormoner brukes i landbruks- og hagesammenheng.

   

Oppgåver
Relatert innhald

Fagstoff