Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar avfall

Her skal du lære litt om ulike typar avfall og kvar i varekrinsløpet avfallet oppstår. Du kan også lese om kvifor vi sorterer det.
Vareflyt frå primærnæringane via industri, handel, hushald og til avfallssortering. Vidare går avfallet til gjenvinning før det igjen går inn i industrien. På alle ledd blir det også skapt avfall som går direkte til sortering. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avfall frå vareflyten

Vareflyten går i dag igjennom mange spesialiserte verksemder. Det startar med uttak av råvarer frå . Derifrå går råvarene til industribedriftene, som omdannar råvarer til ulike halvfabrikat og ferdigvarer.

Ferdigvarene går vidare til handelsnæringa, som formidlar varene via grossistlagera og butikkane sine og fram til sluttbrukarane. Det kan vere hushald, næringsverksemder eller det offentlege. På alle trinn i varekrinsløpet oppstår det avfall.

Emballasjeavfall oppstår i starten av livssyklusen til eit produkt, produktavfall oppstår i slutten. Når sluttbrukarane kasserer varene sine, blir varene produktavfall. I dag gjenvinn vi dei fleste produkta og bruker dei gjenvunne råvarene i eit nytt varekrinsløp.

Kvifor sorterer vi?

Her er nokre av årsakene til at vi sorterer avfall:

  • Matavfall dannar metangass ved nedbryting. Metangass framskyndar drivhuseffekten på jorda, noko som på sikt vil føre til at den globale gjennomsnittstemperaturen aukar.
  • Spesialavfall og anna miljøskadeleg avfall som kjem til eit deponi, kan forureine grunnvatnet.
  • Metallegeringar må vekk frå deponia på grunn av at dei skil ut tungmetall.
  • Vi sorterer papir, metall og glas fordi dette er råstoff som vi enkelt kan gjenvinne og bruke på nytt. Nedbryting av papir dannar dessutan metangass.
  • Når vi sorterer ut det avfallet som vi kan gjenvinne eller gjenbruke, aukar levetida til avfallsdeponia.

Tenk over

Kan du komme på fleire gode grunnar til å sortere avfall?

Gul søppelbil med ordet "miljøtransport" i store, grøne bokstavar langs sida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk