Hopp til innhald

Fagstoff

Betalingsformer i internasjonal varehandel

Her lærer du at fraktføraren har ein viktig funksjon i å sikre at betalingsvilkåra som seljarar og kjøparar har avtalt, er oppfylte før ein leverer ut gods til ein mottakar.
To personer gir håndtrykk. illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når seljarar og kjøparar er på ulike geografiske stader, må partane opprette ein transportavtale for å få formidla vara fysisk frå seljaren til kjøparen.

Partane i transportavtalar kallar vi avsendar, fraktførar og mottakar. Som regel er seljaren avsendar, og kjøparen er mottakar. Dersom ein seljar har avtalt med ein kjøpar at vara skal utleverast mot ein spesiell dokumentasjon, er det fraktføraren som må stå for denne kontrollen. Derfor er det viktig at du kjenner til ulike betalingsformer i internasjonal varehandel.

Ved internasjonal handel kan seljarar og kjøparar bruke tre hovudbetalingsformer:

  • sal i open rekning
  • dokumentinkasso
  • remburs

Sal i open rekning (kredittsal)

Med sal i open rekning meiner vi at seljaren skriv ut ein handelsfaktura (Commercial Invoice) med ei avtalt kredittid. Når dette er tilfelle, er det berre å utlevere godset til mottakaren mot kvittering. Om du er i tvil om den som tek imot godset, er riktig mottakar, ber du om legitimasjon.

Dokumentinkasso (CAD – Cash Against Documents – oppkrav)

Når seljar og kjøpar har avtalt dokumentinkasso, skal banken til kjøparen levere ut dokument til kjøparen mot betaling eller aksept av ein veksel på oppdrag frå seljaren. Her er det viktig at fraktføraren kan kontrollere at dokumenta som mottakaren av varene presenterer for å få utlevert varene, er ekte.

Ein veksel er eit dokument som blir skrive ut ved ein betalingstransaksjon mellom to partar. Den som skriv ut vekselen, forpliktar seg til å betale ein viss pengesum til innehavaren innan ein viss frist.

Remburs (Letter of Credit)

Seljar og kjøpar kan også avtale å bruke remburs. Handelen blir då tryggare for begge partar. Banken til kjøparen lovar her at seljaren får betalt når han eller ho presenterer dei kravde dokumenta innan avtalt tid og elles oppfyller alle vilkåra som er sette. Også her er det viktigat fraktføraren kontrollerer at dokumenta som mottakaren av varene presenterer for å få utlevert varene, er ekte.

Når partar gjer kjøpsavtalar i internasjonal varehandel, avtaler dei òg kva for eit leveringsvilkår som skal gjelde. Leveringsvilkåret avgjer om det er seljaren eller kjøparen som skal betale for transport. Sjå lenkja i margen. Betaling for transport i internasjonal varehandel skjer samtidig med betalinga for vara når seljaren skal ordne transport, det vil seie når seljar og kjøpar avtaler C- eller D-vilkår.

Lenke

Tele- og databaserte kommunikasjonssystemer

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Betalingssystem