Hopp til innhald

Fagstoff

Billettautomatar

Her lærer du om bruk av billettautomatar i kollektivtransport.
Billettautomater
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein billettautomat er ein sjølvbeteningsautomat der passasjeren sjølv kan betale for reisa si. Føremålet med slike betalingsterminalar er å spare tid når nye passasjerar kjem på. Dermed kan tidstabellane setjast opp mykje strammare, og alle kjem raskare fram til reisemålet sitt.

Oppgåver

På ei rute stig i gjennomsnitt 70 passasjerar på for kvar avgang i morgonrushet. Manuell billettering av ein passasjer tek i gjennomsnitt sju sekund. Avlesing av billett kjøpt i ein billettautomat tek i gjennomsnitt eitt sekund.

  1. Kva blir differansen i billetteringstid mellom ein situasjon der alle bruker manuell billett, og ein situasjon der alle bruker billettautomat?
  2. Basert på dei same føresetnadene: Kor mykje tid til haldeplassopphald kan vi spare ein vanleg kvardag i ein by der 10 000 passasjerar reiser kollektivt dagleg, dersom alle bruker billettautomatar og ingen kjøper billettar manuelt?

Vi finn billettautomatar ved haldeplassterminalar med mange passasjerar. Som regel kan vi betale med både mynt, setlar og betalingskort.

Bruk av betalingskort

Betalingskort kan vere basert på anten magnetstripeteknologi eller RFID-teknologi (Radio Frequency Identification Data). Fordelen med RFID-brikker er at dei kan lesast berøringsfritt, slik billetteringa går raskare. Dessutan er dei sikrare enn magnetstripekort.

Nyare billettmaskiner les fleire typar kort. Samtidig stimulerer fylkeskommunane passasjerane til å bruke kort ved å gi kortbrukarar store rabattar. Til dømes kan eit kjøp av eit månadskort lett gi halv pris samanlikna med kjøp av enkeltbillettar for ein som bruker buss dagleg til og frå arbeid.

Nokon kort fungerer som reine verdikort og kan brukast for alle reiser innanfor eit fylke. Andre kort er knytte til ei bestemt rute eller gjeld for visse soner i eit byområde.

RFID-brikke
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Betalingssystem