Hopp til innhald

Fagstoff

Registrering av trafikkdata ved bruk av billettmaskiner og kortlesarar

Her lærer du korleis billettmaskiner registrerer trafikkdata for planleggingsføremål.
Billettmaskin med betalingsterminal.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar gong ein passasjer går på ein buss, blir følgjande registrert:

  • billettkategori
  • innbetalt beløp (avhengig av kor lang reisa er, eller kor mange soner passasjeren reiser over)
  • påstigingshaldeplass (via GPS som viser posisjonen til bussen)

Dette gir grunnlag for å utarbeide statistikk som kollektivtrafikkselskapa kan bruke til å dimensjonere trafikktilbodet over trafikkdøgnet.

For at dette skal kunne gjerast, må sjåføren taste inn

  • linjenummer eller rutenummer – du tastar denne informasjonen fordi GPS-mottakaren kan vere ute av funksjon
  • avgangsnummer – sjølv om klokka på billettmaskina er riktig innstilt, kan ein ruteavgang vere forseinka, derfor skal du presisere avgangsnummeret

I morgonrushet, når etterspørselen er størst, kan ein trafikkere ei rute med 5-minuttsavgangar. Deretter kan tilbodet gå over til 10- eller 15-minuttsavgangar.

Trafikkselskapa tilpassar jamleg rutetilbodet til etterspørselen med utgangspunkt i trafikkstatistikken.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Betalingssystem