Fagstoff

Langtransport av fotosynteseprodukt

Publisert: 16.01.2013, Oppdatert: 04.08.2017
Svarthyllblad

Vasstransporten i karplantane går i éi retning: frå røtene gjennom vedvevet til plantane og ut i lufta. Organsiske stoff som sukker blir på si side transportert i fleire retningar. Karbohydrat som sukker og stivelse blir laga i blada under fotosyntesen og blir transportert til forbruksstader som knoppar og skot, eller til og frå lagringsstader som røter. Denne transporten skjer i silvevet.

Silvev (floem). Grøne celler med silplater i enden.Transportceller i silvevet. 

Skjematisk teikning av transport i silvev.Inn- og utlasting av sukker til og frå silvevet.

Video av trykkstraummodellen.

Silvevet – oppbygging

Silvevet (floemet) til blomeaplantane inneheld silrøyrelement og følgjeceller. Dette er levande celler i motsetning til transportcellene i vedvevet.

Silrøyrelementa består av celler utan cellekjerne og andre viktige organellar. Dei er bundne saman via silplater og har redusert cytoplasma. Silrøyrelementa er òg bundne saman og jobbar tett saman med følgjeceller. Følgjecellene har alle organellane intakt og leverer dei nødvendige organiske molekyla.

Inn- og utlasting av sukker til og frå silvevet

Sukker i form av sukrose blir lasta aktivt inn i følgjecellene i silvevet frå produksjonsstaden ("source") og aktivt ut frå følgjecellene til lagrings- eller forbruksstader ("sink"). Denne energikrevjande prosessen går anten via plasmodesmataPlasmodesma er ein opning gjennom celleveggen frå ei plantecelle til ei anna. Ei plantecelle har fleire plasmodesmata som gir kontakt med cytoplasmaet i nabocellene. Gjennom desse tynne kanalane skjer det både kommunikasjon og transport.Plasmodesma.    eller via cellevegger og mellomrom mellom cellene.

Trykkstraummodellen

Den høge sukkerkonsentrasjonen i silvevet ved produksjonsstaden fører til at vatn trengjer inn i silvevet frå vedvevet ved osmose. På denne måten oppstår det eit trykk som driv vasstraumen mot område med lågare sukkerkonsentrasjon og såleis lågare trykk. Sukkeret følgjer passivt med denne vasstraumen. Dei oppløyste stoffa og væska strøymer altså saman (masserørsle). Denne forklaringa kallar vi trykkstraummodellen. Rørslene av oppløyst sukker reknar vi med at skjer gjennom ein kombinasjon av både aktiv og passiv transport.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialise correctly. Download player
Trykkstraumsmodellen i planter
Forfatter: Hanne Hegre Grundt

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Generelt

Relatert innhald

Fagstoff