Fagstoff

Det perifere nervesystemet

Publisert: 16.01.2013, Oppdatert: 04.03.2017
Reaksjonsredning

Det perifere nervesystemet er kopla til sentralnervesystemet i ryggmergen og når ut til alle delar av kroppen. Impulsar frå sansar og musklar går gjennom det perifere nervesystemet med informasjon til sentralnervesystemet. På denne måten kan vi tolke omgivnadene og reagere føremålstenleg på stimuli. Frå hjernen blir lynraske nerveimpulsar sende gjennom systemet til musklane i kroppen, som reagerer på signala.

Tegnet kvinne, overkropp med nervesystem.Det perifere nervesystemet går ut frå hjernestammen og ut frå ryggmergen.   

 

Ryggvirvel, ryggmarg og spinalnerver.Tverrsnitt av ryggsøyla.   

 

To personer hopper fra taket på en skyskraper.Ved stressituasjonar, slik som her under basehopping i Kuala Lumpur, blir det sympatiske nervesystemet aktivert.  

 

Tegnet person, med markerte hjernedeler sitter foran pc-skjerm.Tolking av signal frå sensoriske nervar.    

 

Guttebaby svømmer alene under vann. Ser en voksen kvinne i mørk badedrakt på hver side. Dykkerefleksen hos babyar gjer at dei kan symje under vatn.  

 

Baby som dier ved morens bryst.Babyar har mange medfødde refleksar, mellom anna sugerefleksen.   

Kva er det perifere nervesystemet?

Det perifere nervesystemet er sett saman av nervar som går ut frå hjernestammen (hjernenervarHjernenervar er motoriske og/eller sensoriske nervar som spring ut frå hjernestammen og går gjennom opningar i kraniet til ansiktet, hovudet, halsen og visse andre organ, som tunga og nasa. Vi har 12 par hjernenervar. Døme er rørslenervane i auget, rørslenervane i ansiktet og i tunga.) og nervar som går ut frå ryggmergen (spinalnervarSpinalnervar er nervar som går ut frå ryggmergen. Desse blir òg kalla «ryggmergnervar».  Vi har 31 par spinalnervar.). Nervane forgreinar seg til stadig mindre nervar slik at dei når ut til alle delar av kroppen. I denne delen av nervesystemet blir signal frå hjernen formidla til dei ulike kroppscellene.
nervesystemet Signal frå kroppscellene blir sende tilbake til hjernen, som svært hurtig tolkar desse og sender ut nervesignal som i sin tur set i gang nødvendige reaksjonar i kroppen. Det perifere nervesystemet blir kopla saman med sentralnervesystemet i ryggmergen.

Det utoverleiande nervesystemet

Tegnet gjennomsiktig fotballspiller med nervesystem synlig. Denne delen av det perifere nervesystemet er delt i ein viljestyrt (somatiskDet somatiske nervesystemet er den delen av det perifere nervesystemet som kontrollerer dei viljestyrte musklane (skjelettmuskulaturen).) og ein ikkje-viljestyrt (autonomDet autonome nervesystemet er den delen av det perifere nervesystemet som kontrollerer dei indre organa. Det styrer aktiviteten i den glatte muskulaturen, i hjartemuskulaturen og i kjertlane, det vil seie så godt som alle dei indre organa våre. Det autonome nervesystemet blir vidare delt inn i det sympatiske og det parasympatiske systemet.) del.
Det viljestyrte systemet brukar motoriske nervarMotoriske nervar leiar impulsar frå sentralnervesystemet og ut til kroppen. og sender signal frå ryggmergen til skjelettmusklane. Vi kan sjølve bestemme når signal skal sendast.
Det ikkje-viljestyrte systemet brukar autonome nervarDet autonome nervesystemet er den delen av det perifere nervesystemet som kontrollerer dei indre organa. Det styrer aktiviteten i den glatte muskulaturen, i hjartemuskulaturen og i kjertlane, det vil seie så godt som alle dei indre organa våre. Det autonome nervesystemet blir vidare delt inn i det sympatiske og det parasympatiske systemet. og sender signal til hjarte, blodårer og forskjellige kjertlar i kroppen. Det autonome nervesystemet er uavhengig av bevisstheita vår.

Hansballspiller i kamp løper og jubler etter scoring.Det sympatiske nervesystemet blir aktivert i kamp (Ida Alstad, EM-finale desember 2012).Det ikkje-viljestyrte systemet kan vi vidare dele inn i det parasympatiskeDet parasympatiske nervesystemet er den delen av det autonome nervesystemet som tek del i styringa av dei indre organa, og som er aktivt når du føler deg avslappa. nervesystemet, som er aktivt når du kviler og føler deg avslappa, og det sympatiskeDet sympatiske nervesystemet er den delen av det autonome nervesystemet som trer i kraft i stressituasjonar, og som gjer det mogleg for oss å reagere hurtig og målretta på farar. nervesystemet, som blir aktivert ved stress og i kampsituasjonar.

 

Det innoverleiande nervesystemet

I det innoverleiande nervesystemet blir informasjon frå kroppens sanseceller sendt gjennom sensoriske nervarSensoriske nervar er nervar som sender impulsar frå sanseorgana til hjernen., via ryggmergen og til hjernen, som tolkar signala. Signala kan komme av berøring av huda, smerte, temperatur, lysstimuli, lydar, smak, lukt eller andre stimuli som utløyser denne delen av det perifere nervesystemet.

Refleks

Ein refleks er ein ufrivillig reaksjon som blir spreidd gjennom motoriske og sensoriske nervar.  Nervesignala i ein refleks går ikkje til hjernen, men «snur» i ryggmergen. Dette gjer at reaksjonstida blir svært kort, og at vi derfor reagerer lynraskt med refleksar.  Refleksreaksjonar beskyttar oss. Tilbaketrekkingsrefleksen, som trer i kraft viss du til dømes tek på noko varmt, gjer at du unngår å brenne deg. Når ein baby drikk mjølk frå mora sitt bryst eller syg på tommelen, er dette styrt av sugerefleksen til barnet.

Tegning som viser nervesignalene via ryggmargen ved en refleks. Dei delane av kroppen som er involverte i ein refleks, kallar vi refleksbogen. Han er sett saman av sanseceller, sensoriske nerveceller, ryggmergen, motoriske nerveceller og ein muskel.

Ein refleks startar med at ei sansecelle blir stimulert og sender nerveimpulsar gjennom dei sensoriske nervecellene. I ryggmergen er dei sensoriske nervecellene kopla til motoriske nerveceller i synapsar. Dei sender nerveimpulsane direkte vidare til muskelen utan at signala går vegen om hjernen.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald

Aktuelt stoff for