Hopp til innhald

Fagstoff

Biletanalyse

Biletanalyse er eit systematisk forsøk på å avdekkje den meininga eller bodskapen som biletet formidlar.
Gammal dokke med grøne auge og hol i panna. Foto.

Slik analyserer du eit bilete

Vi kan dele analyseprosessen inn i tre steg:

  • skildring av det vi ser
  • analyse
  • tolking

Skildringa

Start med å presentere biletet. Presentasjonen skal innehalde bilettittel, namn på fotograf eller biletkunstnar, eventuell bilettekst, opplysingar om når biletet blei laga, og kor biletet er utstilt eller publisert.

Motivet i biletet er det som blir vist innanfor biletramma. I første fase skal du berre beskrive dei ulike elementa som motivet er sett saman av, det vil seie former og fargar (denotasjonane). Det kan vere ei krevjande øving, sidan vi ofte intuitivt tolkar det vi ser. Det er ei god trening å beskrive eit bilete som høyrer heime i ein heilt annan kultur enn den du sjølv tilhøyrer.

Eksempel
Kinesisk fyrstikkeske med bilde av barn i opptog med drage. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Beskriv det du ser dette biletet.

  • Er personane på biletet barn eller vaksne?
  • Kva er det dei held i hendene?
  • Kva er dette biletet ei avbilding (representasjon) av?
  • Kva andre designelement finn du i biletet?

Analysen

Vi bruker omgrepet konnotasjon når eit teikn, eller kombinasjonar av teikn, framkallar bestemte assosiasjonar eller førestellingar hjå dei fleste som tilhøyrer ei bestemt sosial gruppe eller ein kultur. Eit bilete er i utgangspunktet ein open medietekst som ein kan tolke på ulike måtar. Måten vi tolkar eit bilete på, er prega av den kulturen vi er ein del av, og dei personlege erfaringane vi har med oss.

Bodskapen i eit kunstbilete oppstår i eit samspel mellom biletet og tilskodaren. Redaksjonelle bilete, eller bilete som blir brukte i reklame, er plasserte inn i ein samanheng (kontekst) som avgrensar måten vi kan tolke dei på. Her har avsendaren eit ønske om at vi skal forstå biletet på ein bestemt måte.

Motivet inneheld enkeltelement som er sette saman (komponert) på ein bestemt måte. Visuelle verkemiddel som fargar, kontrastar og symbol er også med å styre måten vi oppfattar biletet på. Neste steg i biletanalysen er derfor å beskrive korleis biletet er komponert, kva for andre visuelle verkemiddel som er brukte, og korleis dette styrer opplevinga av det vi ser.

Spørsmål du kan stille til biletet:
  • Biletutsnitt. Kva er teke med, og kva er utelate? Kvifor?
  • Biletvinkel. Frå kva vinkel ser vi det som skjer? Kva er verknaden?
  • Forgrunn, mellomgrunn, bakgrunn. Kor er dei ulike elementa plasserte? Kva er verknaden?
  • Balanse og liner i biletet. Kva for element blir blikket vårt trekt mot? Kva er verknaden?
  • Lys og skugge. Kva er opplyst, og kva er skuggelagt? Kor kjem lyset frå? Kva er verknaden?
  • Fargar og kontrastar. Kva uttrykkjer dei, og kva er verknaden?
  • Ikon og symbol. Kva tyder desse? Kvifor er dei brukte?
  • Refererer biletet til andre kjente biletuttrykk? Kva for nokre? Kva er effekten?
  • Har biletet ein bilettekst? I tilfelle ja, korleis forankrar denne teksten ein bestemt måte å oppfatte biletet på?

Tolkinga

Alle bilete er ein representasjon, ei tolking av røyndomen. Når vi analyserer biletet, "avkodar" vi bodskapen i biletet. Biletet har som oftast eit føremål. Avsendaren kan ønskje å informere oss om noko, påverke oss i ei bestemt retning, eller gi oss ei bestemt oppleving. Når vi tolkar biletet, forsøker vi å formulere bodskapen ut frå det føremålet vi meiner biletet har.

Eit bilete seier mykje om den tida og det samfunnet det blei til i. Samstundes kan eit bilete få nytt innhald når det blir sett inn i ein ny kontekst. Dette er også noko du omtalar når du tolkar biletet.

Spørsmål du kan stille til biletet:
  • Kven er avsendaren, og i kva samanheng blei biletet laga og publisert?
  • Kva føremål har avsendaren med biletet?
  • Kva er bodskapen?
  • Kva fortel biletet om den tida og det samfunnet det ble til i?
  • Kva verknad eller effekt har dette biletet i dag?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar