Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon med forsikringsselskap

Både kjøretøy og last er normalt forsikret under transport. Her lærer du hvordan du bør kommunisere med forsikringsselskapene.
Buss har kjørt av veien. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Partane i ein forsikringsavtale er forsikringsselskapet på den eine sida og forsikringstakaren på den andre sida. Forsikringsavtalar inneheld mange paragrafar som regulerer kva rettar og plikter partane har. I forsikringsavtalane står det alltid at forsikringstakaren pliktar å varsle forsikringsselskapet «utan ugrunna opphald», og det vil seie så snart som råd etter at ein forsikringsskade har skjedd.

Årsaka er at forsikringsselskapet skal få høve til å taksere skaden. Om ein bergingsbil kjem til og startar berging, kan både køyretøy og gods få ytterlegare skade. Då kan forsikringsselskapet berekne ein avkortingsfaktor slik at du ikkje får erstatta den verkelege skaden, men berre ein del av han. Hugs derfor å ha med deg telefonnummeret til forsikringsselskapet ditt under transport, slik at du kan varsle forsikringsselskapet med det same ved eit eventuelt uhell med materiell skade.

Ved køyretøyskade på motparten sin bil pliktar du å fylle ut Europeisk skademelding. Felta du kryssar av i på førstesida av skjemaet, avgjer skyldspørsmålet og dermed kven av partane som skal betale erstatning. Om du meiner at motparten har skyld, kan du gi tilleggsforklaring på baksida av skademeldingsskjemaet. Hugs alltid å ha med deg Europeisk skademelding når du køyrer. Om du manglar skademeldingsskjemaet, kan du spørje på ein bensinstasjon, der har dei ofte skjema liggjande.

Link til Skademeldingsskjema

Filer

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.12.2018

Læringsressursar

Kommunikasjonsteknologi