Hopp til innhald

Fagstoff

EDI-kommunikasjon

Her lærer du at elektronisk massekommunikasjon krev standardiserte format, og du lærer litt om standardar for elektronisk informasjonsutveksling.
En person midt i et nettverk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag kan ein utveksle informasjon både over korte og lange avstandar ved bruk av datautstyr. Mykje av informasjonen vi utvekslar, er standardisert. Utveksling av elektronisk informasjon i eit standardisert format kallar vi EDI-meldingar (Electronic Data Interchange), eller på norsk: EDU-meldingar (Elektronisk Data Utveksling).

Vi deler ofte EDI-kommunikasjon inn i tre kategoriar:

  • B2B: informasjonsutveksling mellom næringsdrivande (Business to Business)
  • B2G: Informasjonsutveksling mellom næringslivet og det offentlege (Business to Government)
  • B2C: Informasjonsutveksling mellom næringslivet og sluttbrukarar (Business to Consumer)

Dersom alle utviklar sine eigne EDI-standardar, får vi mange måtar å utveksle same informasjon på. Derfor har FN laga globale standardar for dei viktigaste meldingane handelspartnarar utvekslar. Vi kallar desse standardane for EDIFACT-meldingar (Electronic Data Interchange for Administration, Commerce and Transport). Bruker vi desse standardane, vil vi kunne utveksle handelsinformasjon med alle andre som bruker dei same standardane. Kvar meldingsstandard har sitt eige namn. Til dømes heiter standarden for elektronisk tolldeklarering CUSDEC (Custom Declaration).

Illustrasjon som viser elektronisk utveksling av handels- og tolldokument.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transportnæringa er storforbrukar av EDIFACT-meldingar ved formidling av informasjonen i fraktbrev og tolldeklarasjonar. Handelsnæringa er storforbrukar av EDIFACT-meldingar for å formidle pakksetlar, fakturaer, ordrar og ordrestadfestingar.

EDIFACT-standardane er utforma slik at alle næringar kan bruke dei. Enkelte næringar har spesielle behov, og dei har derfor laga bransjestandardar som byggjer på EDIFACT-standardane.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.06.2022

Læringsressursar

Internasjonale transportar