Fagstoff

Oppbygginga til ein frøplante

Publisert: 19.12.2012, Oppdatert: 04.08.2017
Hel plante - rot, stamme og blad

Frøplantane er sette saman av hovuddelane rot, stengel og blad. I tillegg har dei òg reproduktive skot som blome eller kongle. Dei ulike delane har kvar sin hovudfunksjon. I nokre tilfelle kan eit organ òg ta over andre funksjonar.

Røtter på et grantreRøtene på eit stort grantre spreier seg utover bakken. 

støtterøtter som ser ut som en sopelime.Den nedste delen av dette tropiske treet består berre av støtterøter. Stammen når ikkje ned til bakken. Nye støtterøter utviklar seg, mens andre blir brotne ned. På denne måten kan desse trea flytte seg fleire meter. 

KaktusHos kaktus er det stengelen som driv fotosyntese. Stengelen er òg viktig for lagring av vatn. Blada er omdanna til piggar. 

Barnåler hos granBlada hos bartre er nålforma og driv fotosyntese. 

Skilnadar mellom einfrøblada og tofrøblada plantarEinfrøblada og ekte tofrøblada er dei to største gruppene dekkfrøa blomeplantar. Desse to gruppene har ei rekkje kjenneteikn.KjenneteiknEinfrøbladaEkte tofrøbladaSpirer med eitt frøblad med to frøblad Blomsterdelar  oftast i 3 (3-tallig).  oftast i 4 eller 5 (4–5-tallig). Blada   har oftast linje- eller bogenervatur og manglar bladstilk. har oftast fjør-, eller håndnervatur og har bladstilk.  Leidningsvevet  ligg spreidd i stengeltverrsnittet. ligg i ein ring i stengeltverrsnittet. Rota  er ofte ei knipperot (manglar tydeleg hovudrot). er ofte ei hovudrot med siderøter.  Eksempler  gras, storr, orkidear, liljer, tulipanar og konvallar, mange vassplantarlauvtre, løvetann, kvitveis, soleier, roser, etc.   

 

Tørketilpasset bladTjukna på vokslaget og palisadevevet og plasseringa og mengda av spalteopningar varierer etter miljøet og speglar planten si tilpassing til lys og tørke. 

JulestjerneJulestjerne har blad som er farga, og som fungerer som iaugefallande kronblad. Dei eigentlege blomane er småe og nesten ikkje synlege.

Rot

Rota festar planten til underlaget og tek opp vatn og næring. Rota er tilpassa denne oppgåva ved at ho har ei stor overflate, og ved at ho kan vekse mot vatn og rundt hinder. Hos mange toårige eller fleirårige plantar er røtene oppsvulma og tilpassa lagring av næringsstoff (rotknollar).

MangrovetreMangrove.Nokre slyngplantar har klatrerøter som gjer det lettare for dei å vekse oppover tre eller bergvegger. Store tre som er sterkt vindeksponerte, kan ha kraftige røter med støttefunksjon (støtterøter). Plantar som veks i miljø som er tidvis overflødde, for eksempel i mangrovesamfunn, kan ha røter som veks oppover i staden for nedover. Slike anderøter gir planten nødvendig oksygen når vasstanden er høg.

Stengel/stamme

Stengelen lyfter planten opp frå bakken og er bindeleddet mellom røter, blad og blomar. Leidningsvevet i stengelen transporterer vatn og oppløyste stoff til dei delane av planten som treng det. Leidningsvevet har òg ein viktig støttefunksjon for planten, samtidig som heile stengelen må vere fleksibel nok til å tole vind utan å brekke altfor lett.

Stenglar kan òg vekse horisontalt. Stenglar som veks over bakken, kallar vi utløparar (overjordsrenningar). Det finn vi for eksempel hos jordbær. Stenglar som veks under bakken, kallar vi jordstenglar. Det finn vi for eksempel hos kvitveis.
Jordbærplante med utløpere. Horisontal stengelvekst gir opphav til vegetativ formeiring eller vekst. Somme jordstenglar kan òg fungere som lagringsorgan.

Blad

Hovudoppgåva til bladet er å drive fotosyntese for å skaffe organisk næring til vidare vekst og utvikling. Oppbygginga til bladet reflekterer dette.

Ytst har bladet eit vokslag (kutikula) som vernar mot uttørking (1). Øvre (2) og nedre (5) ytterhud (epidermis) ligg innanfor vokslaget. Sjølve bladkjøttet (mesofyllet) er differensiert i eit tettare palisadevev (3) og eit lausare bygd svampvev (4) med store luftrom. Cellene i mesofyllet inneheld kloroplastar med klorofyll. Spalteopningane (6) syter for gassutveksling og er omgitte av lukkeceller (7) som styrer opning og lukking av spalteopningane. Blada har òg leidningsvev som syter for transport av vatn og oppløyste stoff (8, 9, 10).

Bladets oppbygning  Blada kan misse fotosyntesefunksjonen. Delar av eller heile blad kan vere omdanna til slyngtrådar. Blada kan òg vere omdanna til piggar eller tornar som vernar planten mot beitedyr.

Blome

Blomen er det kjønna formeiringsorganet hos dei dekkfrøa blomeplantane. Oppgåva til blomen er å produsere og spreie frø til neste generasjon. Insektpollinerte blomar lokkar gjerne med tiltrekkjande lukt eller farge. Blomar kan òg vere omdanna. Hos nokre krossved- og hortensia-artar er dei ytste blomane i blomestanden store og iaugefallande, men desse er sterile og har berre lokkefunksjon.

Illustrasjon av moden blomst.