Fagstoff

Vekst og utvikling hos plantar

Publisert: 19.12.2012, Oppdatert: 02.08.2017
Spire

Vi er vane til at det spirer og gror rundt oss, men lèt vi oss imponere over kor koordinert det heile er? Kva skjer når eit frø spirer, og kva er det som styrer veksten? Kvifor veks røtene nedover og skotet oppover? På desse sidene skal vi sjå nærmare på korleis veksten og utviklinga til plantane heng saman med signal frå miljøet.

Mitose i rotspissEi rot er alltid i vekst. I ein rotspiss finn vi derfor celler i alle stadia av mitosen. 

 

Forblåst treVeksten til plantane speglar gjerne kva vindretning som er mest vanleg. 

Brokkoli knoppBrokkoliskot med aktivt meristem langs kantane. 

Planter med repeterende enheter (moduler) - dillDen store skjermen (blomsterstanden) hos dill er sett saman av mange småskjermar (modular).

Vekst og utvikling – kva er det?

Vekst er ein auke i biomasse eller storleik. Celledelingar (mitose) etterfølgde av organelldanning medverkar til vekst. Modne enkeltceller kan òg vekse ved at celleveggene "losnar i fisken" slik at dei kan ta opp meir vatn. Differensiering skjer når celler blir spesialiserte til ulike oppgåver. Saman med vekst fører differensiering til danning av vevstypar med ulike oppgåver for eksempel knytte til transport og fotosyntese. Summen av vekst og differensiering er utvikling.

Kva treng ein plante for å vekse?

Ein plante treng vatn, lys og karbondioksid for å drive fotosyntese. I tillegg treng han ei rekkje mineralnæringsstoff som han tek opp som ion frå jorda. Nokre av desse grunnstoffa treng planten i relativt stor mengd (makronæringsstoff), for eksempel nitrogen, fosfor og kalsium. Andre grunnstoff, som jern og sink, treng han i mindre mengder (mikronæringsstoff). Stoffa er komponentar i for eksempel protein, nukleinsyrer og klorofyll. Dei kan òg vere viktige for funksjonen til enzyma, osmoseregulering eller som signalmolekyl.

Faktorar som påverkar vekst og utvikling

Veksten og utviklinga til plantane blir påverka både av ytre og indre stimuli. Faktorer som påvirker vekst og utvikling Ytre stimuli kan vere fysiske eller biologiske. Eksempel på ytre fysisk stimuli er temperatur, lys, vind og tilgang på vatn, mens eksempel på ytre biologiske stimuli er planteetarar og parasittar. Indre stimuli kan vere genetisk kontroll eller hormonaktivitet. Sistnemnde er ofte eit resultat av dei nemnde ytre påverknadane.

Meristem

Celledelinga hos plantar skjer i meristem, som er vekstpunkt med aktiv celledeling der planteceller blir differensierte (spesialiserte) til ulike oppgåver. Hos mosar og karsporeplantar skjer celledelinga i ei enkeltcelle som er plassert i enden av skotet. Frøplantane har delingsvev, det vil seie heile område som driv med aktive celledelingar. I det som følgjer, skal vi konsentrere oss om frøplantane.

Skotmeristem tek seg av skotveksten, og rotmeristem tek seg av rotveksten. Vekst i lengderetninga kallar vi primærvekst. Vedplantar har meristem som òg gir sekundærvekst, altså ein auke i breidda. Skot- og rotmeristem hos eit frøembryo og blad- og blomsterknoppar hos ein vaksen plante er eksempel på meristem i dvale.

Modularitet og open vekst

Plantar består av repeterande einingar – dei er modulære organismar. Kor mange modular ein plante endar opp med, for eksempel kor mange skotsystem eller blomsterskot, kan vere avhengig av miljøforholda. Blad, rot og stengel er organ som veks og blir danna kontinuerleg (open vekst). Ein plante blir aldri ferdig med å vekse. Dette står i kontrast til dei fleste dyra, som veks jamt og når ein avgrensa storleik (lukka vekst).

Oppgåver

Aktuelt stoff

Generelt

Relatert innhald