Begrep

Funksjonsområda til høgre og venstre hjernehalvdel

Høgre og venstre hjernehalvdel styrer ulike aktivitetar i hjernen, men dei to halvdelane samarbeider gjennom eit avansert koplingssystem i det som blir kalla hjernebjelken (corpus colossum). Hjernebjelken består av 300 millionar aktive nerveceller som kvart sekund formidlar millionar av beskjedar mellom dei to hjernehalvdelane.

I tabellen under, kan du sjå korleis arbeidsfordelinga mellom høgre og venstre hjernehalvdel tradisjonelt blir oppfatta.

Nyare forsking viser at hjernen er langt meir fleksibel enn det ein har trudd tidlegare. Eit nytt område i hjernen kan ta over funksjonen til eit område som blir skadd. Venstre hjernehalvdel, som normalt styrer høgre kroppshalvdel, også kan bli trent opp til å styre venstre side av kroppen.

Sjå video om ei jente som fungerer normalt etter at ho fekk fjerna det meste av høgre hjernehalvdel.

Venstre hjernehalvdel
Et hode foran en vegg med tall.Det logiske mennesket
Høgre hjernehalvdel
Ung gutt med sine tegninger i sanden.Det kreative mennesket

styrer høgre kroppshalvdel

styrer venstre kroppshalvdel

styrer det akademiske

styrer det artistiske

språk, setningar og ord

bilete

tale og opplesing

fargar

lesedugleik

oversikt og heilskap

detaljar, fakta og analyse

intuisjon

logikk 

kjensler

følgje instruksar og reglar

musikk, rim og rytme

matematikk, tal og logikk

mønster og tilfeldig rekkjefølgje

tenkjer sekvensielt (i rekkjefølgje)

rom- og retningssans

rasjonalitet 

dans-, kunst- og musikkoppleving

verkelegheitsorientering

kreativitet, spontanitet og fantasi 

tid

tidlaus

å gjere

å vere