Hopp til innhald

Fagstoff

Intervjuteknikk på radio

Siri Knudsen er ei kjend stemme frå programma Popsalongen og Lydverket. Siri jobbar no i NRK P3. I lydklippet nedanfor gir Siri deg nokre tips når om hvordan du bør lage eit radiointervju.
Foto av Siri Knudsen. Ho har langt raudt hår og held ein opptakar i handa.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intervjuteknikk på radio

0:00
-0:00

Råda til Siri kan oppsummerast slik:

  • Førebu spørsmåla i forkant.
  • Lytt til det som blir sagt.
  • Hald kjeft, lat intervjuobjektet fortelje.
  • Still oppfølgingsspørsmål.

Still opne spørsmål

Opne spørsmål er spørsmål som ein ikkje kan svare på med berre ja eller nei. Når du intervjuar ein politikar, er du kan hende mest interessert i å få eit klart svar. Då kan du godt stille lukka spørsmål. Dei alle fleste intervjua blir likevel betre dersom du får intervjuobjektet til å fortelje. Førebu spørsmåla du vil stille på førehand, men gløym ikkje å lytte til det intervjuobjektet seier. Still gjerne spontane oppfølgingsspørsmål.

Stå eller sit nær intervjuobjektet

Nærleik gir best lyd. Stå gjerne ved sida av i staden for rett overfor den du skal intervjue. Det verkar mindre "trugande". Fortel at du vil stå/sitje nær intervjuobjektet for å få god lyd.

Informer på førehand

Fortel intervjuobjektet kva intervjuet skal dreie seg om. Det skaper tryggleik og gjer intervjusituasjonen betre.

Ja ja ja

I samtale med andre stadfestar vi ofte at vi følgjer med, ved til dømes å seie "hm" og "ja". Det gjer seg dårleg i eit lydopptak. Bruk heller blikk og kroppsspråk i opptakssituasjonar.

CC BY-SASkrive av Siri Knudsen og Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2018

Læringsressursar

Produser lyd