Fagstoff

Opptak og korttransport av vatn og næring i plantar

Publisert: 12.12.2012, Oppdatert: 04.08.2017
Rot

Karplantar tek opp vatn og næringsstoff gjennom røtene. Næringsstoffa blir aktivt tekne opp frå jorda, og vatnet følgjer passivt etter. Leidningsvevet som fraktar vatn og næring vidare rundt i planten, ligg i sentralsylinderen i rota. Korttransport inn til leidningsvevet og elles i planten skjer via cellevegger, cellemellomrom og eigne opningar i celleveggene.

Osmose – animasjon.

Tverrsnitt av rotTverrsnitt av rot. 

Opptak av mineraler fra jorda.Mineral blir tekne opp frå jorda ved aktiv transport.  

RotspissElektronmikroskopbilete av rotspiss med rothår. 

MykorrhizaMykorrhiza, samliv mellom sopp og planterøter, gir fordelar for begge partar.

Diffusjon og osmose

Diffusjon er når stoff beveger seg frå ein stad med høg konsentrasjon til ein stad med lågare konsentrasjon, og er sentral for all transport i plantar.

Osmose er diffusjon av vatn gjennom ein halvgjennomtrengjeleg membran. Slike membranar slepper gjennom vassmolekyla, men ikkje dei oppløyste stoffa som skaper konsentrasjonsgradienten. Transport med ein konsentrasjonsgradient er passiv og krev ikkje energi. Transport mot ein konsentrasjonsgradient er aktiv og krev energi.

Korttransport

Vatn og oppløyste stoff blir transporterte mellom naboceller og nærliggjande vev på tre ulike måtar eller ved ein kombinasjon av desse. Transport i røtene er eit eksempel på slik korttransport og kan gå

  • via cellevegger og cellemellomrom (apoplast veg)
  • gjennom opningar i celleveggene som blir kalla plasmodesmata, som bind saman cytoplasmaet til cellene (symplast veg)
  • gjennom cellene, frå ei celle til ei anna, via celleveggene (transmembran veg)

Opptak av vann og mineraler  

Opptak av vatn og næringsstoff

Leidningsvevet ligg i sentralsylinderen til rota, omgitt av innerhud, bork og ytterhud. Langtransporten kan først starte når vatn og oppløyste stoff er komne inn til sentralsylinderen. Viktige mineral, som natrium, kalsium og fosfor, blir aktivt tekne opp som ion frå jorda gjennom rothåra, som er små utposingar på ytterhudcellene. Når minerala er tekne opp, blir det skapt ein konsentrasjonsgradient, og vatnet følgjer passivt etter ved osmose.

Cellene i innerhuda er omgitte av casparyske band som er ugjennomtrengjelege for vatn. Væska blir på denne måten tvinga gjennom ein selektiv cellemembran, slik at skadelege stoff blir filtrerte bort. Banda hindrar òg vatn og mineral i å leke ut igjen.

Mykorrhiza

Dei fleste plantar har eit nært samliv med ein sopp som blir kalla mykorrhiza (sopprot). Soppen sørgjer for eit meir effektivt vassopptak fordi han aukar overflata til røtene. Soppen medverkar òg til mineralopptaket, spesielt av fosfor, og beskyttar planterøtene mot insektangrep, bakteriar og skadelege soppar. Soppen får organisk næring frå fotosyntesen til planten i retur.