Fagstoff

Transport i plantar

Publisert: 12.12.2012, Oppdatert: 02.08.2017
Bregneskog

Plantane erobra landjorda for nesten 500 millionar år sidan. Overgangen frå eit liv i vatn til eit liv på land baud på mange utfordringar, mellom anna uttørking og transport av vatn og oppløyste stoff. Utviklinga av eit indre transportsystem har vore heilt avgjerande for suksessen karplantane, og spesielt blomeplantane, har hatt på landjorda.

Rødalger og brunalger i fjæresonen.Algane tek opp det dei treng av næring, direkte frå vatnet og gjennom overflata ved diffusjon. 

BjørnemoseBjørnemosane er spesielle fordi dei har celler med ei viss leidningsevne i ein sentralsylinder i stengelen. 

Blomsterknopp med kutikula.Blomeknopp med eit vasstett vokslag (kutikula) som hindrar fordamping. 

Ledningsvev hos solsikkeMikroskopbilete av ein solsikkestengel, der den svarte påteikna ringen viser leidningsvevet, som består av silvev og vedvev.

Vass- og næringsopptak hos algar og mosar

Algane lever i all hovudsak i vatn og har ikkje noko eige transportsystem. Dei er omgitte av vatn med oppløyste næringsstoff og tek opp dette direkte gjennom overflata ved diffusjon.
   
Mosane manglar ekte leidningsvev og røter og tek opp vatn og næringsstoff stort sett gjennom overflata. Dei fleste mosane er derfor berre eitt cellelag tjukke. Kor store mosane kan bli, er avgrensa av at dei manglar eit effektivt transportsystem.

Fare for uttørking

Faren for uttørking er ein av dei største truslane landplantane står overfor. Mosane veks ofte i fuktige miljø, og mange veks i tette tuer for å redusere fordampinga. Dei toler likevel delvis å tørke ut.

Yttarst har karplantane eit vasstett vokslag, kutikula, som hindrar fordamping. Spalteopningar på bladoverflata sørgjer for at plantane kan drive gassutveksling. Dette er heilt nødvendig for fotosyntese og celleanding, men gjennom opne spalteopningar skjer det òg vasstap. Sporane hos mosane og karsporeplantane og pollenet hos frøplantane spreier seg i luft og er omgitte av et beskyttande lag som hindrar uttørking.

Karplantar: utvikling av leidningsvev

Karplantane har utvikla eit indre transportsystem for vatn og oppløyste stoff. Dette leidningsvevet (kar) består av vedvev (xylem) innarst, som transporterer vatn og oppløyste mineral. Yttarst ligg silvevet (floem), som transporterer fotosynteseprodukt og andre organiske sambindingar. Leidningsvevet har ein viktig støttefunksjon òg.

Leidningsvevet er litt ulikt bygd hos dei ulike karplantegruppene, og det er generelt meir avansert utforma hos dei dekkfrøa blomeplantane. Leidningsvevet ligg vanlegvis i ein ring, men er spreidd i stengeltverrsnittet hos dei einfrøblada blomeplantane.

Oppgåver
Relatert innhald