Fagstoff

Blod og blodårer

Publisert: 12.12.2012, Oppdatert: 28.09.2017
Blodårer med blodceller

Vi har blodårer med blod overalt i kroppen vår. Blodårene er viktige for transport, kommunikasjon og for at blodet heile tida skal vere formålstenleg fordelt til organ og kroppsdelar. Kvar einaste celle i kroppen din er avhengig av å vere i nærleiken av ei blodåre slik at ho kan ta imot og kvitte seg med stoff og varme. Dette skaper eit stabilt miljø for cellene og er ein føresetnad for at dei skal kunne utføre oppgåvene sine.


Arterier og venerTverrsnitt av ei vene (til høgre) og ein arterie (til venstre). Venane har større diameter enn arteriane og fungerer derfor som eit lager for blodet i kroppen. I venane har blodet mindre fart og blodtrykk enn i arteriane. 

 

Lungeblærer omgitt av kapillærerLungeblærene er omgitte av kapillærårer. Den nære kontakten mellom dei tynne blodårene (kapillara) og lungeblærene effektiviserer gassutvekslinga.  

 

Sentrifugerør med innholdet delt i tre sjikt.Sentrifugert blod. Dei raude blodcellene legg seg nedst, blodplasmaet er øvst, mens dei kvite blodcellene og blodplatene utgjer skiljet i midten. 

 

Hvit blodcelleKvit blodcelle, granulocytt, som er aktiv ved allergiske reaksjonar. 

 

Arteriar

Den største arterien går ut frå hjartet og blir kalla aorta. Aorta har tjukke, muskuløse vegger, slik at han skal tole og halde oppe det høge trykket blodet har på veg ut av hjartet. Dette trykket blir kalla blodtrykketBlodtrykket er det trykket som blodstraumen utøver på åreveggene i arteriane. Blodtrykket gir vi opp som to tal, for eksempel 120/80, som viser systoletrykket over diastoletrykket. Systoletrykket er blodtrykket i arteriane når venstre hjertekammer trekk seg saman, mens diastoletrykket er blodtrykket i arteriane når venstre hjertekammer er i ro. Blodtrykket gir vi opp i mmHg (millimeter kvikksølv)..

Hjerte  og aorta Aorta greinar seg heile tida til mindre og mindre arteriar. I veggene i arteriane er det elastisk bindevev og glatt muskulatur. Det elastiske vevet gjer at arteriane utvidar seg når hjartet trekkjer seg saman. Trykkbølgjene som blir danna i arteriane når høgre hjartekammer trekkjer seg saman, kallar vi puls. Arteriane trekkjer seg deretter passivt saman når hjartet slappar av, og pressar blodet vidare over i arteriolane. Arteriolar er arteriar som leier blodet inn til organa. Dei har mykje glatt muskulatur og kan derfor regulere blodgjennomstrøyminga i dei forskjellige organa.

Kapillærårene og utveksling av stoff

Arteriolane greinar seg til ørsmå kapillærårer med tynne årevegger. Det er mange milliardar kapillærårer i kroppen, og kvart enkelt kapillar har ein diameter omtrent på storleik med ei enkelt raud blodcelle (cirka 0,001 mm). Kapillærveggen er sett saman av berre eitt cellelag og er derfor godt eigna til utveksling av næringsstoff, gassar og avfallsstoff mellom blodet og cellene. Blodet flyt svært langsamt gjennom kapillærårene, og avstanden mellom ei celle og nærmaste kapillæråre er kort. Dette gjer at det kan gå føre seg ei omfattande stoffutveksling mellom kapillærårene og cellene ved diffusjon.

Venane

Tegning av blodåre og muskler.Muskelvenepumpa. Blodet strøymer frå kapillærårene over i venolar (små venar) og blir vidare samla i dei større venane. Blodtrykket i venane er lågt samanlikna med det i arteriane, men høgt nok til at blodet strøymer tilbake til hjartet. Bruk av beinmuskulaturen aukar blodtrykket i venane og lettar dermed blodet si tilbakestrøyming til hjartet. Dette blir kalla muskel-vene-pumpaMuskelvenepumpa.Blodtrykket i venane er svært lågt samanlikna med blodtrykket i arteriane. Klaffar i venane sørgjer likevel for at blodet alltid vil strøyme i éi retning, tilbake mot hjartet. I tillegg kan veggene i dei fleste venane bli pressa heilt saman. Dette er viktig for muskelvenepumpa som òg medverkar til at veneblodet blir transportert tilbake mot hjartet.Musklar som omgir venane, utøver eit trykk på desse slik at veneveggene blir klemde saman og blod blir pressa vidare gjennom venane. Samtidig sørgjer veneklaffane for at blodet strøymer i riktig retning. Muskelvenepumpa er spesielt viktig for transporten av blod opp frå beina når ein går eller spring.. Klaffar i venane i armar og bein syter for at blodet strøymer i riktig retning – mot hjartet.

 

Blodet

Blodet verkar einsarta når det dryp frå eit sår. Undersøkjer vi det nærmare, ser vi at det er samansett av ulike celler som flyt i ei væske som blir kalla blodplasma. Blodet har tre typar celler, som alle har ulike oppgåver: raude blodceller, kvite blodceller og blodplater.

 

Oppgåver
Relatert innhald

Fagstoff