Fagstoff

Hjartet

Publisert: 12.12.2012, Oppdatert: 02.10.2017
Hjertets plassering i kroppen

Hjartet er ein muskel omtrent så stor som knyttneven din. Det starta å slå då du var eit tre veker gammalt foster, og kjem til å slå meir enn tre milliardar slag før det stoppar, og livet tek slutt. Då har det pumpa ei blodmengd som er større enn kapasiteten til dei største tankbåtane. Hjartet sørgjer for transport av livsnødvendige stoff og er den viktigaste muskelen i kroppen vår.

Bildet av menneskehjerte.Hjartet er ein stor muskel på storleik med knyttneven din. 

Tversnitt av hjerteVenstre hjartekammer pumpar blodet ut til cellene i kroppen og har derfor vegg med kraftigare muskulatur enn høgre hjartekammer. I dette snittet er venstre hjartekammer til høgre på biletet. 

KransarterieneHjartet har eigne blodårer som forsyner det med oksygen og fjernar avfallsstoff. Desse kallar vi kransarteriane. 

PacemakerEin pacemaker er ein kunstig hjertestimulator som kan opererast inn dersom sinusknuten sviktar. 

Video om leidningssystemet til hjartet 

Oppbygging

Hjartet ligg i brysthola, godt beskytta av brystbeinet og ribbeina. Det er inndelt i fire kammer: to hjartekammer og to framkammer. Mellom framkammera og hjartekammera og hjartekammera og utgåande blodårer er det klaffar som sørgjer for at blodet strøymer i riktig retning. Hjartet er delt i to av ein kraftig langsgåande skiljevegg som hindrar at det oksygenfattige og oksygenrike blodet blir blanda.

  

Blodstraumen gjennom hjartet

Kvart minutt strøymer det ei blodmengd som svarer til det totale blodvolumet ditt (ca. 5 liter), gjennom hjartet.

Blodstrømmen i hjerte Oksygenfattig blod blir ført inn i det høgre forkammeret i hjartet via holvenen. Samtidig strøymer oksygenrikt blod frå lungene inn i det venstre framkammeret i hjartet via lungevenane. Framkammera trekkjer seg saman og pressar blodet over i hjartekammera. Deretter trekkjer hjartekammera seg saman. Det oksygenfattige blodet i høgre hjartekammer blir pressa over i lungearterien og vidare ut til lungene, samtidig som det oksygenrike blodet i venstre hjartekammer blir pressa over i aorta og vidare ut til organa i kroppen.

Regulering av hjarteaktiviteten

Hjartemuskulaturen skil seg frå dei andre musklane ved at han trekkjer seg saman utan noka form for nervestimulering utanfrå. I det høgre framkammeret i hjartet ligg sinusknuten, ei samling av spesialiserte hjartemuskelceller. Desse sender ut elektriske impulsar som får hjartet til å slå med jamne mellomrom. Framkammera rekk å trekkje seg saman før signala blir sende vidare til hjartekammera.

BasehoppingHjartefrekvensen blir påverka av hormona adrenalin og noradrenalin som blir skilde ut under stress og spenning. Samantrekkinga av hjartet inntreffer automatisk cirka 100 gonger per minutt på grunn av eigenfrekvensen til sinusknuten. I kvile minkar aktiviteten i den enkelte cella og dermed behovet for oksygen og glukose. Hjartet blir då påverka av det parasympatiske nervesystemet, og hjartefrekvensen blir lågare enn 100 slag per minutt. Under stress og spenning blir sinusknuten påverka av det sympatiske nervesystemet og hormona adrenalin og noradrenalin slik at hjartefrekvensen aukar.

Fysisk aktivitet og stress fører til at hjartet pumpar meir blod for kvart minutt. Den totale mengda blod som blir pumpa kvart minutt, er kalla minuttvolumet. Vi kan finne minuttvolumet ved å gonge talet på hjerteslag per minutt (hjartefrekvensen) med den mengda blod som blir pumpas ut ved kvart hjarteslag (slagvolumet).

Minuttvolum = hjertefrekvens • slagvolum

 
Oppgåver