Fagstoff

Sirkulasjonssystemet

Publisert: 12.12.2012, Oppdatert: 03.08.2017
Sirkulasjonssystemet - hjerte og overkropp

Mennesket er avhengig av at ulike stoff blir transporterte inn og ut av kroppen. Hjartet og blodåresystemet er viktige for denne transporten, og saman utfører dei mange livsnødvendige funksjonar. Blodårene er transportvegen, og hjartet er muskelen som pumpar blodet rundt i kroppen.                                               

Blodstrøm med insulin. Illustrasjon.Stoff blir transporterte rundt i kroppen med blodstraumen. Raude blodceller med oksygen, insulin (gult) og næringsstoff (kvitt) er noko av det som blir transportert.  

Temperaturregulering i kroppen. Illustrasjon. Når kroppen er kald, vil varmen bli leidd til hjernen og til brystregionen der dei vitale organa ligg. Dette er for å spare energi og for å beskytte livsnødvendige organ. 

Sirkulasjon hos mennesket.

Funksjon

Sirkulasjonssystemet har fleire oppgåver. Dei viktigaste er å transportere

  • oksygen og næringsstoff til cellene
  • karbondioksid og avfallsstoff frå cellene
  • hormon frå produksjonsstaden og ut til målcellene der dei skal verke
  • kvite blodceller og antistoff som beskyttar mot infeksjonar
  • blod frå varme område i kroppen til kalde område i tillegg til å avkjøle varme område

Oppbygging

Sirkulasjonssystemet er samansett av hjartet, blodårene og blodet.

Sirkulasjonssystemet. Illustrasjon.  Hjartet pumpar blodet rundt i blodårene. Blodårene dannar eit samanhengande røyrsystem som er samansett av tre ulike typar årer: arteriar, venar og kapillærårer. Systemet er lukka, slik at blodet aldri forlèt blodårene. Vi har altså eit lukka krinsløp.

Vi menneske har ein konstant kroppstemperatur på cirka 37 °C. Dette krev stor tilførsel av oksygen til cellene, noko som berre er mogleg fordi vi har eit dobbelt krinsløp. I doble krinsløp passerer blodet hjartet to gonger per omløp, og dette gir meir effektiv gasstransport enn enkle krinsløp.

Det doble krinsløpet består av ei lita og ei stor sløyfe. I det vesle krinsløpet, lungekrinsløpet, går blodet frå det høgre hjartekammeret i hjartet til lungene, for så å gå tilbake til venstre framkammer. I det store krinsløpet, kroppskrinsløpet, går blodet frå venstre hjartekammer ut til alle cellene i kroppen og så tilbake til høgre framkammer.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald