Hopp til innhald

Fagstoff

Utfylling av CMR-fraktbrevet

Her lærer du å fylle ut eit CMR-fraktbrev. Eit fraktbrevformular som du kan fylle ut elektronisk, finn du nedanfor.
Rubrikk nr.Forklarande tekst til rubrikkane i CMR-fraktbrevet)
1Her fyller du inn namn og adresse på avsendaren. Hugs å ta med land i adressa.
2Her fyller du inn namn og adresse på mottakaren. Hugs å ta med land i adressa. Dersom leveringsadressa er ei anna enn adressa til mottakaren, fyller du også inn denne.
3Noter stad og dato for overtaking av godset.
4Noter utleveringsstaden.
5Skriv korleis godset er merkt.
6–8For kvart vareslag: tal på kolli
9Mål i dm3 (lengd x breidd x høgd for volumgods)
10Bruttovekt i kg per varelinje
11 a og bInstruks som avsendar gir om tollbehandling (leveringsvilkår som er opplyst i felt 51 i tolldeklarasjonsblanketten, bestemmer om det er avsendar (seljar) eller mottakar (kjøpar) som har ansvar for fortolling).
11 cInformasjon om kven som skal betale for kostnader i samband med transporten (frakt, tilleggskostnader, tollavgifter og andre kostnader som kjem til i tida frå fraktavtalen blei gjord, til godset er utlevert).
12Når gods blir transportert i samsvar med andre transportavtalar enn CMR-konvensjonen, skal dette opplysast om her. Til dømes kan det stå TIR i rubrikken.
13Eventuelle atterhald og andre særlege vilkår som fraktføraren stiller for å ta på seg fraktoppdraget. Ved transport av farleg gods noterer ein at transportuhellskort er med som vedlegg til fraktbrevet.
14Fraktbeløp og tillegg som skal betalast av avsendar og mottakar, og valutakurs for omrekning. Eventuelle frådrag som skal godskrivast avsendar eller mottakar, og valutakurs for omrekning. Etterkravsbeløp dersom mottakar skal betale frakt. Andre kostnader som partane skal betale. Gi til slutt opp totalbeløp.
15Namn på fraktføraren
16Dato og stad for utfylling av fraktbrevet, underskrive av avsendar.
18Dato og stad for utfylling av fraktbrevet, underskrive av fraktførar.
19Ved utlevering av godset til mottakar skal mottakar kvittere og gi opp dato.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.01.2019

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon