Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Den kunnskapsrike seljaren - aktivitetar i klasserommet

Oppgåva er ein kombinasjon av tradisjonelle skuleaktivitetar, som det å lage plakatar og førebu ein presentasjon, og forskingsoppgåver, ved at elevane hentar inn informasjon om korleis ulike bedrifter handterer innkjøp.
Tre glade ungdommer som ser på ein pcskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konkretisering av mål:

  • kjenne til kjøpsåtferd i forbrukarmarknaden
  • kjenne til kjøpsåtferd i profesjonelle marknader (bedrifts- og organisasjonsmarknaden)
  • forstå korleis kjøpsåtferd fungerer i praksis
  • kunne bruke kunnskapen i salssamtalar

Informasjon og innleiing

Aktivitet 1 - Skape og bruke produktkunnskap

Forslaget er basert på økter på to timar. Dette kan de sjølvsagt justere ved at lærar overtek nokre av oppgåvene som her er meint til elevane.

Det er mogleg tida vi har føreslått her, er vel raus. Det er sjølvsagt mogleg å kutte delar av aktiviteten dersom elevane har vore gjennom noko av det tidlegare. Du kan til dømes gi del 3 som lekse, det er ein aktivitet som uansett skal gå føre seg utanfor skulen. Elevane kan òg gjere det per telefon, og då kan ein slå del 3 saman med del 2. Vi føreslår likevel å dra ut og besøkje bedrifta personleg – det er ein fordel for elevane og læringa å komme seg ut og treffe bedrifter der det er mogleg.

I opplegget er det lagt opp til at elevane sjølve skal designe undersøkinga ved å utvikle eit enkelt spørjeskjema og bruke det i si eiga undersøking. Ein kunne òg ha valt eit standard spørjeskjema, og då kunne gruppene ha samanlikna dataa dei hadde samla inn. Ein slik metode ville òg gjort det mogleg å gjennomføre prosjektet på kortare tid og med ei større mengd innsamla data – ved til dømes at kvar elev måtte skaffe (minst) eitt svar på undersøkinga.

Du finn eit forslag til spørjeskjema. Det er sjølvsagt òg mogleg å ta i bruk eigne metodar og skjema.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2018

Læringsressursar

Den kunnskapsrike seljaren