Oppgåve

Toving av ull

Publisert: 19.12.2012, Oppdatert: 04.03.2017

Tova sitteunderlag  

Dette er ei enkel innføringsoppgåve i toving, som du kan bruke som utgangspunkt til spennande eigendesigna produkt.

 

Utstyr til tovingUtstyr til toving 

Ull før og etter tovingUll før og etter toving

 

Massiv toving - ei enkel innføring i korleis det kan gjerast.
 

I denne oppgåva skal du jobbe med tekstilmaterialet ull. Du skal få oppleve korleis fibrane tovar seg, og lære litt om tekstilfiber og tekstur.

Utstyr

flytande grønsåpe (utan fosfat), sprayflaske til såpevatn, fast Sunlight-såpe til etterbehandling, bambusmatte, vaskebrett, nylonduk (for å dekkje ulla), saks, handkle og tilgang til vask

Materialet ull

Ull kan kjøpast i mange ulike kvalitetar, men den vi tilrår til skulebruk, er C1-ull. Den beste filt-ulla i Noreg kjem frå spælsauen.

Ullfibrar er omgitte av eit skjellag som vi må fjerne for at ulla kan krympe. Ullfeittet kallar vi lanolin, og dette er ei form for såpe. Ubehandla ull vil lett tove seg når vi har vatn på og gnir ho lett saman. Når vi kjøper behandla, farga ull, må vi tilføre såpe for å få ho til å tove seg. Ulla krympar mest i lengderetninga, og ein må ha minst to kryssande lag med ullfibrar viss ein skal lage eit produkt som krympar likt i begge retningar.

I toveprosessen vil du merke, både visuelt og taktilt, at ullteksturen endrar seg. Ulla går frå ei open og porøs fibermasse til ei tett, fast og lodden overflate. Menneska har laga tekstil av tova ull i lange tider.

Bruk av nylondukToving: Bruk av nylonduk 

TovingToving 

Tove ved hjelp av vaskebrettTove ved hjelp av vaskeprett 

TverrsnittTverrsnitt av to sitteunderlag

Oppgåve: Toving av sitjeunderlag

Framgangsmåte:

  • Lag klar all ulla du skal bruke i toveprosessen.
  • Lag ei såpeblanding med forholdet éin del såpe og ti delar vatn. Vatnet skal vere cirka 40 – 45 °C.
  • Legg ulla på ei bambusmatte. Skal sitjeunderlaget vere 40 cm x 30 cm, må du rekne med cirka 30 prosent ekstra til krymping. Det vil seie at flata bør vere cirka 52 cm x 39 cm når du startar arbeidet.
  • Legg på eit kryssande lag med ull, klapp forsiktig reint vatn inn i ulla og legg på ein tynn nylonduk. Klapp/klem vatn inn i ulla, før du går over til å gni med lette sirkelrørsler. Ull har ein spesiell struktur ved at ho har mikroskopiske «piggar» som tovar seg saman i prosessen.
  • Snu ulla og jobb med lette sirkelrørsler på denne sida òg.
  • Legg på fleire lag med ull, minst fire til seks stykk, til eit sitjeunderlag. Bruk sprayflaske og spray varmt grønsåpevatn på filten.
  • Når sjølve toveprosessen er ferdig, bruker du Sunlight-såpe og varmt vatn (cirka 45 °C) til toving av arbeidet. Bruk gjerne eit vaskebrett til å gni ulla på. Varme og friksjon gjer at ulla krympar. Filten blir tettare og fastare med mykje arbeid, og hugs at eit sitjeunderlag med moderat toving kan vere like varmt som eit hardt tova sitjeunderlag. Dette er fordi luft isolerer.
  • Skyl filten rein for såpe.
  • Rull filten inn i eit handkle til tørking.
  • Når sitjeunderlaget er tørka, kan du klippe det ut i ei vald form.

I ein slik prosess kan vi enkelt lage eigen design ved å bruke fleire ulike fargar med ull og leggje dei i forskjellige mønster. Ut frå store tova flak kan vi lage mykje forskjellig. Tenk på det som eigne tekstilar klare til bruk.

Det som skal leverast inn, er:

  • Ferdig tova sitjeunderlag (eventuelt designprosess)