Fagstoff

Mottakar

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Det siste leddet i godstransporten er å levere varene hos mottakar. Før levering må ein sjekke tilstanden og talet på godset, og viss alt stemmer, skal ein ha ei kvittering på at lasta er levert. Kunden kan kvittere anten på fraktbrevet eller elektronisk. Det er viktig at datoen er riktig, for då unngår ein usemje om kva tidspunkt varene blei leverte på.

Levering av varer
Fotograf: Georgsen, Tone