Fagstoff

Kor mykje

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Når ein skal planleggje ein transport, er det viktig å vite kor mykje ein kan laste. Her kjem vi inn på dei fleste transportmidla, men oftast er det vegtransporten som har avgrensingar.

Aksellast er den vekta ein aksel overfører til underlaget. For jernbanen kan denne vekta vere 22,5 tonn, men på enkelte strekningar kan det vere tillate ei vekt på opptil 30 tonn. For å finne nyttelasta (lastgrensa) på jernbanen, multipliserer ein talet på akslar med tillaten aksellast og trekkjer frå eigenvekta på vogna. Ved full utnytting skal tyngdepunktet i lasta liggje midt mellom senteret på akslane/boggiane.

Ein annan ting ein må passe på ved jernbanetransport, er lastprofilen. Lastprofilen er det største tverrsnittet som kan transporterast på bane, og ein kan altså ikkje transportere kolli med større tverrsnitt enn det lastprofilen tillèt.

På veg er maksimalt tillaten aksellast 10 tonn, men ho kan aukast til 11,5 tonn på ein drivaksel. Boggilast er vekta som blir overført frå ein boggi til underlaget, og det er boggi når akslane ikkje er lengre frå kvarandre enn 1,8 meter. Dette kan du lese meir om i Donna Diesel-brosjyren. Samla vekt er vekta av både køyretøy og last.

To sider frå vognkortet til ein lastebil.To sider frå vognkortet til ein lastebil.
Opphavsmann: Statens vegvesen
  

Den maksimale nyttelasta til ein bil står skrive i vognkortet for køyretøyet, men ver klar over at dette kan føre til overlast på vegar med lågare tillatne aksellaster enn det som står i vognkortet.

På sjøen er det nesten uavgrensa kva som kan transporterast – det kjem an på storleiken på skipet og bereevna skipet har. Bereevna blir angitt i dødvekttonn (dwt), men inkluderer også forsyningar, drivstoff, passasjerar, mannskap og ballast. Eit skip på 100 000 dwt kan altså ikkje ta 100 000 tonn i nyttelast.

Dei største militære transportflya kan laste over 100 tonn, og slike fly blir for det meste brukt til militære oppgåver og ved kriser. Kor stor last flyet kan ta, kjem an på flydistanse og behovet for reservedrivstoff.