Fagstoff

I utlandet

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Skal du planleggje transport til utlandet, kan du velje mellom fleire alternative køyreruter. Det kan vere lurt å ta tryggleik for sjåfør og last med i vurderinga, og då blir trygge køyreruter og parkeringsplassar med vaktordningar viktige argument.

Fredrikshavn
Fotograf: Henning Bagger

 

Ofte må ein velje om ein skal køyre eller ta ferje ut frå Noreg. Mange tenkjer at ferje er dyrt, og gløymer at det er kostbart å køyre òg. I tillegg vil sjåføren få kvile under ei ferjereise. Fleire stader i Europa er det moglegheiter for å få lastebil og tilhengjar på jernbane òg.