Fagstoff

I Noreg

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

I Noreg er ikkje vegvalet så vanskeleg, ein må berre velje ei køyrerute som er tillaten for det aktuelle køyretøyet.

Aksellasta, den vekta køyretøyet overfører til vegen, kan variere. På hovudvegane er vanleg tillaten aksellast 10 tonn, men dette må du sjekke om du ikkje er sikker. Opplysningane finn du i vegliste for riksvegar og veglister for fylkes- og kommunale vegar. 

Lastebil på vinterføre
Fotograf: Rolf Øhman

Vanlegvis føretrekkjer ein den raskaste ruta mellom A og B. Det gir kortast køyretid, og normalt medfører det òg mindre bruk av drivstoff. Men for vegtransport kan det likevel vere hindringar ein må ha oversikt over, som til dømes låge undergangar eller bruer med andre vektgrenser. Er det slike hindringar, blir gjerne ikkje den tilsynelatande kortaste ruta kortast likevel. Hugs også at minst mogleg drivstofforbruk gir minst mogleg utslepp av CO2.

 

1 liter diesel gir 2,66 kg CO2