Fagstoff

Forseinking

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Ved all transport er det viktig at ein avtaler eit realistisk leveringstidspunkt for godset.

 

Om det oppstår forseinking, kan oppdragsgivaren krevje redusert fraktbeløp eller fri frakt. Dette er regulert i lov om vegfraktavtaler for vegtransporten. Tilsvarende føresegner finst for alle dei andre transportmidla. Det er ikkje lov å leggje opp til leveringstidspunkt som medfører lovbrot for å halde fraktavtalen. Lova går dermed føre avtalen.

 

Avtal realistisk leveringstidspunktAvtal realistisk leveringstidspunkt.
Fotograf: Trygve Indrelid

Ver også merksam på at det er omvendt provføringsplikt i transportretten. Det betyr at viss mottakaren hevdar at du er forseinka, skal du leggje fram prov på at du er uskyldig. Dette gjer ein ved å vise til fraktbrev som er kvittert av mottakar og er utan merknader.