Fagstoff

Konteinar

Publisert: 06.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Konteinarar kan brukast til dei aller fleste godstypar, og vi deler konteinarar inn i to hovudgrupper: ISO-konteinar og eurokonteinar.

ISO-konteinaren har standardiserte feste og har som regel ei lengd på 20 eller 40 fot og ei breidd på 8 fot. Klikk på denne lenkja: ISO-containeren, så får du fleire opplysningar.

Eurokonteinaren er betre kjend under nemninga vekselflak. Han er 7,15 meter lang og 2,5 meter brei og er utstyrt med bein. Volumet er på om lag 45 m3. Klikk her for fleire opplysningar.

Containerhavn på Øra
Fotograf: Espen Bratlie

ISO-konteinaren er tilpassa skip. Fraktefartøy langs kysten tek konteinarar som dekkslast, og i oversjøisk fart blir konteinaren transportert på celleskip. Desse skipa er tilpassa konteinartransport. Sjå på filmen her.

Over lange avstandar, eller når det hastar med leveringa, føretrekkjer ein flyfrakt dersom godset kan transporterast med fly. Verdien på godset og den økonomiske bereevna godset har, er faktorar som speler inn når ein vurderer flytransport. Ved flyfrakt blir det også nytta konteinarar, men då er konteinarane tilpassa skroget på flyet. Klikk her for å sjå meir om flyfrakt.