Fagstoff

Semitrailer

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Semitraileren har blitt eit dominerande køyretøy for gods. Trailer betyr eigentleg tilhengjar, og semitrailer betyr då ein halv tilhengjar.

Semitrailer.Semitrailer.
Fotograf: Sigmund Krøvel-Velle

 

I daglegtale blir semitilhengjarar berre kalla for trailer, semi eller tralle. Denne blir lasta og trekt rundt omkring med ulike trekkvogner – altså lastebilar berekna for å trekkje semitilhengjarar. På sjø og bane blir traileren send utan trekkvogn. Dette blir kalla for eit ro-ro-system, som betyr roll-on/roll-off. På denne filmen ser du korleis lasting og lossing av trailerar frå eit skip går føre seg.