Fagstoff

Lastebil

Publisert: 06.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Det er viktig å nytte eit eigna transportmiddel til transporten. Faktorar som verkar inn på valet av transportmiddel, er kvar godset skal, kva for transportmiddel som er tilgjengelege, og dei transporttekniske eigenskapane godset har.

Ein annan faktor er om godset er bygt opp i større einingar (einingslast) og dermed er eigna for maskinell handtering. Pallegods er døme på ein type einingslast. Ein kan òg vurdere om ein skal bruke intermodal transport – som går på fleire transportmiddel og blir bygd opp ved bruk av standardiserte lastberarar som konteinarar av ulike typar.

Lastebilen er i første rekkje eit nærtransportmiddel, men han blir òg brukt i grenseoverskridande transport. I mange tilfelle inngår lastebil også i ei transportkjede. Skal du planleggje ein oversjøisk transport, vil fleire transportmiddel vere involverte, og ein konteinar er eit mogleg val. Sjå figuren under.

TransportkjedenTransportkjeda.
Opphavsmann: Bjørn Nordheim
                               

Ein lastebil kan byggjast opp for å kunne transportere det meste – han kan spesialiserast mot ein type gods, eller han kan byggjast opp slik at han dekkjer fleire behov. Den maksimale lengda ein lastebil kan ha, er 12 meter. Ein europall er 1,2 meter lang og 0,8 meter brei. Det er europallen vi tek utgangspunkt i når vi snakkar om at ein lastebil har 25 palleplassar. For bilar som skal trekkje tilhengjar, er det normalt med 17 palleplassar. Dei største lastebilane kan ha eit innvendig volum på om lag 60 m3.

 Lasting av paller
Fotograf: Frode Pedersen